Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Tveiten slepp til i Austmarka

Del | |
RADØY: Eit samla formannskap sa torsdag ja til at Oddbjørn Tveiten får kjøpa øvre Austmarka. ? No er det berre opp til meg sjølv å få prosjektet i hamn, seier Tveiten.
Publisert 17.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Området er ferdig regulert, så eg trur ikkje eg legg opp til å endra planen, seier ein godt nøgd Tveiten etter det positive vedtaket i formannskapet.
Men Tveiten er også så realistisk at han ser for seg ein stor porsjon arbeid for å få realisert prosjektet. Utbygginga skal skje gjennom selskapet Austmarka Øvre A/S, som er under skiping.
Kommunen har normalt satsa på å selja ein og ein tomt. Tveiten sin resept er å skaffa nok kjøparar til å byggja ut feltet i ein ein-gong.

Småhus
I planen kommunen har fått, vil Tveiten først og fremst retta seg mot førstegongstablerarar og andre som etterspør mindre husvære.
? No er det berre opp til meg sjølv og dei som vert med på prosjektet. Nokre trur kanskje at det berre er å få tak i rimelege tomter og selja dyre hus. Så enkelt er det nok ikkje. Men får eg til full utbygging, håpar eg å sitja att med nokre kroner, seier Tveiten.
Han trur 60 prosent av bustadene må vera selde før selskapet set spaden i jorda.
? Planen er å starta marknadsføring og sal av bustader før sommaren, seier Tveiten.
Dei som uttalte seg i formannskapet, sa seg positive til at den lokale forretningsmannen vil satsa der kommunen sjølv ikkje har kome i gang eller fått andre interessentar.
Det var og full semje om at ordføraren får fullmakt til å underteikna ein avtale med Tveiten. Fleire peika på at avtalen også må sikra kommunen sine interesser om ikkje Tveiten lukkast med si satsing.

Fleire vil selja
Fleire gav uttrykk for at dei synest vegvesenet sitt krav til avkøyring er dyr. Ordførar Olav Steinar Namtvedt (Sp) avviste ikkje å gå ein ny runde med vegvesenet om dette. Men han viste og til at vegvesenet «veit korleis dei skal stilla krav når dei har sjansen». Feltet vil truleg føra med seg undergang, sjølv om det frå før er gangbru over riksvegen nær skulen. Fungerande rådmann Leif Taule opplyste at andre grunneigarar i nærleiken har signalisert interesse for å selja areal til bustader.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt