Tysdag siste frist for frivillig skytebane-avtale
Endret 20.08.07 10:49
− Manger viser til at Olav Mellingen så langt har stillt seg avvisande til å selja av utmarka si til skytebane, som svært mange i Sletta-bygda er mot. Men eit feirtal i kommunestyret godkjende reguleringsplanen for bane. Vedtaket vart stadfesta av Fylkesmannen 6. juli, sjølv om Mellingen som ein av tre grunneigarar klaga.
Håpar på ja
? Me har ein gong vore heime hjå Mellingen og tilbydd han same prisen som dei to andre har sagt ja til. Det sa han nei til. Elles har han sagt nei til å snakka med oss. Me synest me har fare fint fram og håpar Mellingen seier ja. Eg vil avvisa det som er hevda på bygda om at skyttarlaget alt har bestemt seg for å oreigna. Så langt har ikkje oreigning vore eit tema i styret, seier Kornelius Manger. Han viser elles til at skyttarlaget kan tena på at Mellingen seier nei, dersom fylkesmannen opnar for oreigning. Men han håpar svaret vert positivt.
− Seier Mellingen nei, vil skyttarlaget også følgja kommunestyret sitt vedtak og prøva å få til eit meklingsmøte.
− ? Trur du det vert fleirtal for å oreigna dersom Mellingen avviser tilbodet?
− ? Det kan eg ikkje svara på.
«Kniven på strupen»
Elles viser Manger til at Mellingen har frist fram til 7. august med å svara på det siste tilbodet. Og i brevet frå Advokatforum i Oslo er det liten tvil om at grunneigaren har fått det som litt brutalt sagt er «kniven på strupen».
− «Skyttarlaget har høve til å søkje fylkesmannen om løyve til oreigning, og eg kan vanskeleg tru at fylkesmannen vil nekta å gje slikt løyve», skriv Sven Knagenhjelm, som er Det Frivillige Skyttervesen sin advokat.
To vil selja
Skyttervesenet dekkar skyttarlaga sine utgifter til advokat der det står strid om areal til skytebaner.
− ? Skyttervesenet dekkar også inntil 50 prosent av kjøpesummen, seier Knagenhjelm. På Radøy kan den verta kring 800.000 kroner. Kjell Mellingen og Ove Bøe har sagt ja til å selja sine areal på 22,5 og kring 11 mål. Olav Mellingen har så langt avvist å selja største området i reguleringsplanen ? 47,5 mål.
− ? Ti kroner rutemeteren er ein svært god pris. Me håpar Mellingen innser det, seier Knagenhjelm. I brevet til Mellingen har han anslått eit tap på 330.000 kroner ved å seia nei dersom Fylkesmannen godtek oreigning.
− Knagenhjelm viser til at det for kring eit år sidan vart gjennomført eit skjønn for liknande areal på Askøy. Då vart erstatninga sett til tre kroner rutemeteren.
Vil ikkje gje svar
? Eg kjem ikkje til å svara på brevet frå advokaten innan 7. august. var Olav mellingen sitt utgangspunkt då Strilen snakka med han på telefon i går morgon. Mellingen viser til at han tidlegare har avvist å avstå grunn til skytebane.
Samstundes legg ikkje Mellingen skjul på at han er klar over faren for oreigning. Han seier at han føler at han no står åleine att og vurderer å skaffa seg advokathjelp.
? Området dei vil ta til skytebane, utgjer 60 prosent av hestebeitet som eg har brukt mykje tid og pengar på å arbeida opp sidan 1972. Og eg går ut frå at styresmaktene ikkje utan vidare kan godta oreigning, seier Olav Mellingen.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





