Ubåt-svaret kjem i 2012
Kystverket forventar svar om U864 i løpet av våren 2012.
Endret 16.11.11 17:51
Det pågår framleis eit utgreiingsarbeid for å vurdera ulike løysingar for det tyske ubåtvraket U864. Vraket ligg vest av Fedje, og utgjer med kvikksølvlasta på kring 65 tonn eit trugsmål mot miljøet.
I løpet av denne hausten er det levert fleire fagrapportar om dei ulike løysingane for vraket, skriv Bergens Tidende.
Framleis står det mellom heving av vraket og deretter mudring, tildekking på botnen, eller ein kombinasjon der deler av vraket vert heva før resten vert dekka til.
Kostnadsoverslaga som er gjort viser at heving og mudring vil kosta 1,770 milliardar kroner. Delvis heving og tildekking kjem på 1,460 milliardar, medan ei tildekking utan heving kjem på 560 millionar, skriv Bergens Tidende.
Hans Petter Mortensholm, prosjektleiar i Kystverket, seier at fagetatens tilråding frå 2010 framleis er gjeldande. Kystverket gjekk då inn for tildekking.
– Me seier ikkje at det er uforsvarleg å heva ubåten, men at det vil vera endå mindre risiko ved ei tildekking, seier Mortensholm.
fakta
• Den tyske ubåten U-864 vart søkkt av den britiske ubåten HMS «Venturer», 9. februar 1945. Alle om bord omkom.
• U-864 var på veg frå Tyskland via Norge til Japan, med personell med teknisk spesialkompetanse, og med krigsmateriell. I lasta var det mellom anna kring 65 tonn metallisk (flytande) kvikksølv, lagra på stålflasker.
• Vraket av U-864 vart endeleg lokalisert av Sjøforsvaret i mars 2003, etter søk med miniubåt frå KNM «Tyr». Vraket ligg vest for Fedje.
• Ubåtvraket er delt i to, men for- og akterpartiet synest å vera relativt intakte.
• Kystverket har ei eiga nettside for U864. Adressa dit er www.kystverket.no/Beredskap/Skipsvrak/Pagaende-prosjekter/U-864/
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





