Ulovleg med felles rektor på barneskular i Lindås
Endret 20.08.07 10:49
? Ein rektor på desse skulane er ulovleg, slik me tolkar lova. Og avgjerda kan ikkje ankast. Saka har vorte tilfredstillande opplyst frå administrasjonen i Lindås. Og eg trur ikkje avgjerda kjem overraskande på rådmannen, seier Kjellbjørg Lunde.
Lunde oppfattar situasjonen i Lindås slik at politikarane har bede rådmannen gjennomføra ei omorganisering og har støtta endringane i ettertid.
? Oftast tek me utgangspunkt i eit politisk vedtak når me gjer ein lovlegkontroll, men det har ikkje vore tilfelle her, seier Lunde.
Rektor ved Myking skule, Nils Kvalvågnes, får meldinga frå Strilen tysdag ettermiddag. Han uttrykkjer straks glede for avgjerda og seier at han er innstillt på å halda fram som rektor ved skulen.
? Eg er ikkje medlem i Utdanningsforbundet, men det har vore gjennomført ein formell prosess med tanke på nye jobbar for rektorane som rådmannen tilbydde andre jobbar. For min del hadde det ikkje kome noko avklaring. Og sjølv vil eg seia at avgjerda frå Fylkesmannen ikkje kom overraskande, seier Kvalvågnes.
Også rektor ved Kløvheim skule, Turid Sporsheim Tvedt, er glad for avklaringa. Ho har ikkje noko imot å halda fram som rektor ved skulen som før.
? Eg er medlem i Utdanningsforbundet og er glad for at Fylkesmannen har høyrt på argumenta mot felles rektor for desse skulane. Men avklaringa er heilt fersk, og eg veit ikkje kva ho inneber i praksis. Det er jo ikkje sagt at det vert heilt slik det var, seier Sporsheim Tvedt i ein kort kommentar.
Rådmann Øistein Søvik seier tysdag ettermiddag at ha meiner vedtaket ikkje vil berøra den nye einingsstrukturen.
? Me vil sjå på at dei lokale koordinatorane får eit inspektøransvar. Fylkesmannen er svært opphengt i ressursane som er knytt til skulebygga, seier Søvik. Han viser til at det er rektorane som ikkje vart einingsleiarar, som er tiltenkt stillingane som kordinatorar.
Søvik seier at hans poeng har vore å få meir ressursar til innhald i skulen.
? Høge kostnader kan gje eit press på små skular om det vert ei overbyråkratisering, seier Søvik.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





