Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Ulukker i fleng, null fotoboksar

Del | |
? Me burde hatt fotoboksar på vegane her, seier politiførstebetjent Svein A. Hatlevik. I dag finst det ikkje ein einaste fotoboks i heile regionen. (Biletet frå utforkøyringa på Fosse i Meland i helga, som skjedde med ein stolen bil. (Foto: Øystein Litleskare).
Publisert 01.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Ein må spørja kvifor me ikkje har hatt fotoboksar her i mange år alt, seier Hatlevik.
I Bergen kommune står det 20 fotoboksar som knipsar dei som køyrer for fort. I Nordhordland og Gulen står det ingen fotoboksar.
? Undersøkingar viser at fotoboksar fungerer. Snittfarten går ned med 3-5 km/t, og det vert færre ulukker, seier avdelingsingeniør Arne Kleiveland i Statens vegvesen.
På litt over eit år har det vore tre dødsulukker på vegane i Lindås. Og på fleire strekningar driv ungdom med regelrett kappkøyring.

Råkøyring
? Hopeflaten er ein slik strekning. Der har ein fleire kilometer med bein veg, og sjeldan politi. Ungdommar fortel sjølv om folk som har køyrt i godt over 200 km/t der, seier Svein Arne Hatlevik. Folk som planlegg å råkøyra på Hopeflaten eller andre strekningar, sjekkar ofte først om det er politikontroll der.
Men ein fotoboks kan kontrollera farten 24 timar i døgnet, året rundt.
? Ein del spekulerer i å bremsa ned framfor fotoboksar, og så gassa opp att. Men no finst det fotoboksar som måler snittfart. Med ein boks i kvar ende av ein utsett strekning, kan ein få tatt råkøyrarar, seier han.
Fotoboksar vert oftast plasserte på vegar med stor trafikk. Men Hatlevik meiner at ein også må vurdera vegar med mindre trafikk.
? Det som tel er ikkje kor mange ein tek, men at ein får tatt dei verste råkøyrarane, seier førstebetjenten.
Vegdirektoratet vil plassera ut fleire hundre nye fotoboksar i Noreg dei næraste åra. Men det er førebels ikkje konkrete planar om slike boksar i Nordhordland.
? Men me vurderer det fortløpande, seier Arne Kleiveland i Statens vegvesen.

Utan film
I går var vegvesenet på staden der ein 25-åring omkom i ei trafikkulukke natt til søndag. Kleiveland vil undersøka om denne strekninga kan vera aktuell for ein fotoboks.
? Me set opp fotoboksar i takt med budsjettet. Strekningar skal vera ulukkesbelasta og ha ein snittfart som ligg over fartsgrensa for at det skal vera aktuelt å setja opp boksar der, seier han.
Fotoboksane kom til Noreg i 1988, og vert utplassert av vegvesenet i samarbeid med politiet. Boksane har tradisjonellt hatt filmar med 36 bilete. Vegvesenet har ifølgje Bergensavisen problem med å få produsert nok filmar til desse boksane. Dessutan tek det tid å få skifta ut filmane i kvar boks. Dermed er til ei kvar tid mange fotoboksar ute av funksjon. Men dette unngår ein med nye, digitale fotoboksar, der ein ikkje treng å byta film.
? Slike boksar er dyre. Men i Nordhordland vil nok digitale boksar vera det mest aktuelle, på grunn av avstanden til vegkontoret i Bergen, seier Kleiveland.
Digitale fotoboksar er likevel ikkje i drift alltid.
? Dei kan stå på heile tida, men me har begrensa kapasitet til å sjå på bileta, seier Arne Kleiveland.

Unge menn verst
? Unge menn mellom 18 og 25 år er bøllene i trafikken. Dei er udødelege og utan hemningar. Bil og unge menn går rett og slett ikkje i hop. Men også vaksne menn køyrer fort, seier politiførstebetjent Svein Arne Hatlevik.
Han er leiar for politiet sitt førebyggjande arbeid i Lindås, Meland, Radøy, Austrheim og Fedje. Hatlevik er uroa over at det skjer så mange alvorlege ulukker i Nordhordland.
? Eg køyrer kvar dag mellom Leiknes og Austrheim. Det går ikkje ein dag utan at eg ser ville forbikøyringar eller folk som held altfor høg fart, seier han.
Men høg fart er ikkje det einaste problemet. Denne helga tok politiet fire bilførarar som køyrde i fylla i Meland. Også helga før vart fire stogga for promillekøyring.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt