Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 
Ungdommar som bryr seg

Ungdommar som bryr seg

Del | |

LINDÅS: 13 niandeklassingar frå alle ungdomsskulane i Lindås vart måndag utnemnde til Ungdom Med Mot.

Publisert 14.12.11 15:36
Endret 14.12.11 15:36

– Eg ønskjer å vera eit førebilde og stå opp for elevar som vert urett behandla på skulen, eller som opplever mobbing, seier Emil Mongstad Rosnes til Strilen.

Han er elev ved Lindås ungdomsskule og ein av ungdommane som måndag fekk diplom som eit synleg bevis på at han er Ungdom Med Mot.
Emil fortel at det er litt mobbing på skulen der han går, og elles har han meldt seg som MOT-ungdom fordi han får treffa andre ungdommar gjennom prosjektet.

Første fase
I to år har Lindås kommune vore med på MOT-prosjektet, som går ut på at ungdommar skal tora å seia nei, tora å stå opp for eigne meiningar og tora å bry seg og gripa inn viss andre ungdommar vert mobba eller har det vanskeleg.

Dei 13 niandeklassingane som måndag vart utnemnde til UMM-arar (Ungdom Med Mot), har alle søkt om å få vera med. Dei har vore med på eit kursopplegg der dei har sett seg inn i kva MOT-prosjektet går ut på, og i tillegg har dei vore gjennom intervju for å visa at dei har forstått kva som krevst av dei, og at dei har dei rette haldningane.

– Me hadde langt fleire søkjarar enn dei som fekk vera med til slutt. Det krev noko å verta UMM-ar, ikkje berre at ein vil stikka seg fram, seier MOT-koordinator Per Ole Ekker til Strilen.

Hjelpa nye
– Eg likar det MOT står for, at me skal gjera eigne val, og dessutan ser eg fram til å reisa rundt til sjuandeklassingane og hjelpa dei, seier Cecilie Stabell Øvreås på Ostereidet ungdomsskule.

For den første oppgåva dei nye UMM-arane får, er å ha ein turné rundt til alle sjuandeklassingane over nyttår. Der skal dei forklara korleis det er å begynna på ungdomsskulen og hjelpa med­elev­ane til å klara overgangen frå barneskule til ungdomsskule betre.

Fadder
– Eg ønskjer å verta kjend med andre, og dessutan vil eg hjelpa dei nye åttandeklassingane når dei kjem til Knarvik, seier Runar Hagesæter.

Han går på Knarvik ungdomsskule, men på barneskulen gjekk han på Leiknes skule. Difor veit han litt om kva det vil seia å koma frå ein liten skule til ein stor.
Alle dei tre UMM-arane Strilen snakka med, tykkjer dei har teke på seg eit stort ansvar, men dei trur også det vert kjekt, og dei gler seg til å reisa rundt og møta sjuandeklassingane i kommunen.

Av dei 13 UMM-arane går seks på Knarvik ungdomsskule, tre på Ostereidet og fire på Lindås.

Ta ansvar
– Det er kjempebra at de ønskjer å ta ansvar og vera eit førebilde. Me er stolte av at me har slike ungdommar som dykk, sa rådmann Øistein Søvik, som stod for den høgtidlege overrekkinga av diplom til alle UMM-arane.

Neste fase i MOT-prosjektet i Lindås er at lag og organisasjonar kan melda seg på for å verta MOT-ambassadørar. Det vil skje i løpet av neste år, fortel Ekker.
Dei må også gjennom ei kvalifisering for å visa at dei er tilliten verdig.

Ekker kunne elles avsløra at til neste år skal det vera ein MOT-konsert i Masfjorden, på linje med den som i år var i Nordhordlandshallen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt