Universitet vil gje nyskaping på Mongstad
Regionrådet gler seg over at Universitetet i Bergen er på plass på Mongstad. Forsking og nyskaping vert to viktige stikkord.
Endret 24.11.11 10:24
– Med industrien på Mongstad har Nordhordland eit fantastisk potensiale, og eit godt utgangspunkt for å dra nytte av Universitetet i Bergen.
Det seier professor Grethe Rusten i samband med kontoret som universitetet opna på Mongstad i går.
Kontoret vil i første omgang ikkje ha fast bemanning, men skal vera eit springbrett for utvida aktivitetar i Nordhordland.
– Det må verta eit felles samarbeid som går begge vegar. Me er difor svært opptekne av å få lokale innspel om forsking og kurs me kan ta på oss. Næringsutvikling er óg eit tema me ønskjer å jobba med, seier Rusten.
Næringsretta forsking
UiB ser for seg at etableringa av kontoret på Mongstad vil vera ein pådrivar for samarbeid og samhandling mellom UiB, næringslivet og kommunane.
Gjennom forskningsarbeid, studentprosjekt og kursing retta mot næringslivet ønskjer UiB å komma i tettare kontakt med næringslivet i regionen.
– Med vår kunnskap og kompetanse kan me bidra til nyskaping og innovasjon i regionen, uttaler dekan ved Matematisk-Naturvitenskaplige fakultet, Dag Rune Olsen.
Svært gledeleg
Universitetet vert ønskt varmt velkomen av Regionrådet.
– Det er svært gledeleg at Universitetet i Bergen no etablerer seg med eige kontor på Mongstad, seier avtroppande styreleiar Håkon Matre.
Universitetet i Bergen (UiB) har lenge sett på Mongstad og Nordhordland som eit interessant område for forsking og utvikling.
Når UiB no styrkjer nærleiken til og dialogen med dei viktige industri- og teknologimiljøa i regionen, kan dette skapa grobotn for ytterlegare utvikling hjå begge partar, trur Matre.
Ordførarane Astrid Byrknes i Lindås og avtroppande Ole Lysø i Austrheim uttrykkjer og glede for at UiB kjem til regionen.
– Me er opptekne av å få til meir nærings- og samfunnsutvikling, og det å få forskings- og utviklingsmiljøa aktivt med er viktig, seier Lysø.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





