Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Uønska i Noreg, delikatesse i Spania

Del | |
AUSTRHEIM: ? Eg kan ikkje forstå kvifor nordmenn ikkje vil eta lysing. Steikt lysing er skikkeleg godt. I Spania vert det rekna for å vera ein delikatesse, seier Bjarte Unneland. Fiskaren frå Ånneland i Gulen har fiska etter lysing i vel seks år. Han har tent gode pengar på fisken som nordmenn flest ikkje vil ha.
Publisert 16.07.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Høgsesongen for lysingfiske startar etter jonsok og varer til litt ut i august. For tida er det bra med lysing i fjordane.
? Dei siste dagane har eg fått 200 til 250 kilo lysing for dagen. Det er eg godt nøgd med, seier Unneland og viser fram eit par flotte eksemplar som veg omlag seks kilo stykke.
Lysingen er mest verd når den er over seks kilo. Akkurat no ligg prisane til fiskaren på litt over femti kroner kiloen. Dersom fiskane er av ein viss storleik tener fiskarane gjerne 500 kroner per fisk.
? Sesongen er ikkje så lang. Men dersom du står litt på kan du tena relativt bra, på kort tid. Eg fiskar heile året og lever av dette. For meg er lysingfisket ei viktig inntektskjelde, seier Unneland.

Starta tilfeldig
Det var nokså tilfeldig at Unneland byrja å fiska etter lysing.
? Far min og bror min starta å fiska før meg, og opplevde gjerne at dei fekk lysing i breiflabbgarn. Fiskemottaket var villege til å ta imot fisken og etter kvart har interessa for lysingfiske vakse seg større, seier Unneland.
Sjølv fiskar han gjerne lysing med seigarn.
? Arbeidsdagen byrjar i femtida om morgonen. Eg brukar vel omlag to timar heimefrå Ånneland og ut til fiskeplassen. Vanlegvis er eg klar til å levera fangsten til fiskemottaket i Mastrevikane i tretida om ettermiddagen, seier han.
Unneland likar fridomen som yrket gjev han.

Sin eigen sjef
? Du er din eigen sjef, og kan leggja opp dagane slik du vil. Eg trivst med å jobba ute, men eg er ikkje så glad i sommaren. Då er det vert det for varmt. Eg synest hausten og vinteren er den beste årstida, og sidan eg fiskar i fjordane er veret ikkje noko stort problem. Eg har ein god båt, den eignar seg godt til mitt bruk, seier Unneland.
Når lysingfisket og ferien er over satsar han på å oppgradera den 31 fots store Viksund fiskebåten, slik at den vert klar for vintersesongen. ? Eg satsar på fisket som levebrød og kjem nok til å halda på med dette i mange år framover, seier Bjarte Unneland. 

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt