Utflyttar set fokus på utflyttinga frå Fedje
Endret 20.08.07 10:49
Det var enkelt og greitt den viktigaste grunnen til at Hansen ikkje bur på Fedje i dag. Men han er i den kategorien som fleire andre: Han har overtatt «heimahuset» i havgapet og brukar det til feriehus. Der har han vore seinast denne veka.
Elles ser Hansen mangel på jobbar som viktigaste årsak til at Fedje slit med å halda oppe folketalet. Utflyttinga frå kommunen tek han nærare for seg i ei mellomfagsoppgåve ved Universitetet i Stavanger. Oppgåva skal vera klar til sommaren.
Ønskjer lærarjobb
Det var innkalling til militærteneste i 1981 og møtet med si framtidige kone som drog Terje Hugo Hansen bort frå Fedje.
? Eg var ei tid lærar i fiskerifag i Egersund, men tilbodet vart lagt ned. Det førte til at eg har starta å studera i vaksen alder. Dårleg rygg gjer at ein jobb i skuleverket ville passa godt, seier Hansen, som har budd på Bryne sidan 1988.
Før den tid var Austevoll bustadadresse ein periode. Og oppgåva Hansen jobbar med, vil samanlikna utviklinga i dei to kystkommunane.
? Så er vel klart at Austevoll har stått seg betre enn Fedje reint folketalsmessig. Men oppgåva vil ha mest fokus på Fedje, opplyser Hansen.
? Fleire tilbod
Når Hansen peikar på arbeidsplassar som viktigaste faktor for å stoppa Fedje sin nedgang i folketal, gler han seg over at oljeverndepotet kjem tilbake.
? Slike statlege arbeidsplassar, også innan losvesenet, er viktige.
Hansen er forsiktig med spådommar om korleis ytterlegare nedgang i folketalet vil slå ut.
? Etter prognosane til Statistisk Sentralbyrå skal Fedje ha eit stabil folketal dei neste åra. Men så kan ein spørja seg om grunnlaget SSB brukar, er godt nok til å stola på, seier Hansen.
Sjølv ser utflyttaren på Fedje som ein idyll med stort potensiale. Det minuset han sjølv og kona opplever, er at bur ein på Fedje, kan ein i mindre grad «kom og gå» som ein vil.
? Mangelen på dei mnge tilboda ein har i bynære strok er ein av dei faktorane som dreg folk frå Fedje og andre utkantar, seier Hansen.
«Gullalder» på 50-talet
1950-talet var Fedje sin gullalder. Utover 60-talet gjekk folketalet nedover. Så kom det ein periode på 1970-talet med nyetableringar der fleire utflyttarar vende heim. Men etter 1980 har det gått feil veg att.
Dette er den korte versjonen av Fedje si utvikling dei siste 50-60 åra, ført i pennen i eit svarbrev Terje Hugo Hansen har fått frå rådmann Vidar Bråthen.
Fedje sin no nedlagde hermetikkfabrikk vart starta på 50-talet, med om lag 50 tilsette. Mange kvinner gjekk då ut i arbeidslivet. Folketalet var oppe i kring 1000, barnekulla var store og fiskeria gjekk bra.
Sidan gjekk folketalet unnabakke, bortsett frå på 70-talet då mekaniske verkstad med 20 tilsette vart starta. Eit større bustadfelt vart lagt til rette, og mange utflytta feiingar kom tilbake. Fiskeindustri gav og jobb for mange, og det vart fleire jobbar i losvesenet.
Men oppgangen snudde igjen og vart til nedgang. Talet på fiskebåtar og elevar seier det meste om utviklinga: På det meste hadde Fedje 14 havgåande båtar. I dag er det eit nybygg i drift. På slutten av 1970-talet hadde skulen 150 elevar, i dag litt over det halve.
Folketalet har minka frå 1000 til kring 630. Det rådmannen noterer seg, er at det årleg vert fødd om lag like mange som det døyr på øya. Nedgangen i folketal skuldast utflytting.
Fedje har i dag få i aldersgruppa 20-35 år, men rådmannen ser og eit positivt trekk: Ein del flyttar tilbake når dei får born. Håpet er at det kan få andre til å tenkja i same baner.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





