Kjørte i eit tre

RADØY: Ein 77 år gammal passasjer vart truleg lettare skadd då den 50 år gamle bilføraren han sat på med, kjørte i eit tre i Bøvågen 17. mai.

[18.05.13 18:52]

I fjellveggen i Eikefettunnelen

LINDÅS: Ein bilførar vart lettare skadd då han kjørte i fjellveggen i Eikefettunnelen 17. mai om morgonen.

[18.05.13 18:52]

17.mai på Kvalheim

RADØY: For femtande gong vert det seremoni ved minnebautaen på Kvalheim om morgonen 17. mai. I år vil tidlegare ordførar Olav Steinar Namtvedt tala og leggja ned krans.

[16.05.13 10:52]
Brukernavn 
Passord 
Utfor vegen ved Åse

Utfor vegen ved Åse

Del | |

LINDÅS: Ein ung mann og ei 3,5 år gamal jente kom etter alt å døma frå det med skrekken då bilen dei sat i hamna 30-40 meter utfor vegen like før avkjørsla til Åse på Fv 57 tysdag i ettermiddag.

Publisert 05.06.12 17:21
Endret 05.06.12 17:40

Ulukka skjedde då dei to like før klokka 17 kom kjørande nordover frå Knarvik.

Bilføraren forklarte til politiet at han fekk høgre framhjulet utfor vegkanten og prøvde å retta bilen oppatt.

Men då var hjulet kome i kontakt med det våte graset og det hjelpte verken å svinga eller bremsa. Dermed fortsette ferda framover 30-40 meter nedover jordet.

På vegen kjørte bilen over eit kumlokk og tok med seg eit skilt, så bilen fekk skikkeleg juling på undersida.

Mannen og jenta vart raskt tekne hand om av folk som kom til, og etter alt å døma gjekk det bra med dei.

Mannen klaga over litt smerter i ryggen og skulle kjørast til legevakta for sjekk.

Jenta var naturlegvis ganske skremt av det som skjedde. Men etter det Strilen kjenner til, skal ho ikkje vera skadd.

Det er 80-sone på staden.

FEKK JULING: Bilen fekk skikkeleg juling, spesielt under, under utforkjøringa. FEKK JULING: Bilen fekk skikkeleg juling, spesielt under, under utforkjøringa.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Vil gje Skodvin utsetjing

Vil gje Skodvin utsetjing

LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).

    Radøyløpet vart folkefest

    Radøyløpet vart folkefest

    Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Franzen (nr. 60) raskast.

      Folkemøte på Byrknes

      GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.

        Ayla måtte avlivast

        Ayla måtte avlivast

        MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.

          Lathi på Everest for andre gong

          Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.

            Tok årets første bad

            Tok årets første bad

            MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.

              Siste kortnytt