Vann talentkonkurranse
Endret 20.08.07 10:49
Konkurransen føregjekk på Fjord Line sitt cruise mellom Bergen og Hanstholm i Danmark. Sigeren gjev Maria Urhaug ein dag i musikkstudioet Lydriket i Bergen. Dersom ho der får vist at ho er god nok, kan ho få platekontrakt.
Ni finalistar
? Eg har ikkje fått vita så mange detaljar enno, men eg vil få meir informasjon i løpet av veka, fortel Maria Urhaug.
Ho fortel at dei var ni kandidatar i finalen på søndag ettermiddag. Desse kom frå ulike stader på Vestlandet. Dei skulle først syngja eit vers og refreng frå den songen dei song i kvalifiseringsrunden. Urhaug song «A Thousand Miles» av Vanessa Carlton. Der brukte ho play-back. Deretter framførde ho «Have You ever seen the rain», akkompagnert av bandet på båten. Det vart full klaff, og dommarane dømde henne heilt til topps.
Vil jobba med musikk
Musikk er det Maria Urhaug brenn mest for. Ho går for tida siste året på allmennlinja på Knarvik vidaregåande skule. Ho har ingen konkrete planar til neste haust, men vil gjerne ta fatt på noko som har med musikk å gjera.
? Eg får sjå. Det kjem litt an på korleis det går når eg no skal ein dag i studio, seier ho.
Eva-Sandra Straumsnes var og kvalifisert til finalen i konkurransen. Men ho måtte trekkja seg på grunn av sjukdom.
? Eit stort potensial
? Maria har ei svært behageleg stemme, ho er musikalsk dyktig og har eit stort potensial, seier David Genius, dagleg leiar i Scandinavian Entertainment Service.
Han hadde ansvaret for gjennomføringa av konkurransen for Fjord Line, og hadde Maria som ein av sine favorittar heilt frå dei innleiande rundane i Knarvik tidlegare i haust.
Genius fortel at Maria får jobba saman med ein av landets fremste plateprodusentar, Geir Luedy, på dagen i lydstudioet. Lydriket har blant anna artistar som Jan Eggum, Robert Post, Unge frustrete menn, Kaizers Orchestra og Odd Nordstoga i sin «stall». Maria kjem altså i godt selskap dersom ho får kontrakt.
? Dersom alt slår til, kan det og vera aktuelt for oss å tilby henne ein management-kontrakt. Det meste no er opp til artisten sjølv, fortel Genius.
Musikalsk oppleving
I tillegg til dette spanderer Fjord Line tur for to personar til ei musikalsk oppleving med ein stor internasjonal artist. Det er ikkje klart kva dette vert endå, men det kan verta av typen Rolling Stones på Wembly. Det kan og verta snakk om ein del jobbar for Fjord Line, fortel Genius.
Genius seier elles at dei legg opp til ein ny talentkonkurranse til neste haust, med innleiande rundar ulike stader, blant anna i Knarvik.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





