Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vart sikta på med våpen

Del | |
LINDÅS: Helge Nyheim (biletet) og Jan-Eirik Feste vart sikta på med våpen av ein mann i ein forbi-passerande bil på Lauvås laurdag kveld. ? Eg synest absolutt ikkje noko om den oppførselen. Eg kvapp noko heilt enormt og trudde nesten ikkje det var sant, seier Nyheim til Strilen.
Publisert 13.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det var eit ubehageleg syn som møtte Jan-Eirik Feste og Helge Nyheim då dei stod ved vegen og prata på Lauvås laurdag kveld litt før klokka ni.
? Eg stod attmed vegkanten på Lauvås då bilen køyrde forbi. I bilen var det ein mann som leikte seg med eit våpen og sikta på oss. Han lente seg ut ruta på bilen, og nærast låg ut vindauga medan han sikta, seier ein sjokka Jan-Eirik Feste.

Noterte nummer
? Eg synest absolutt ikkje noko om den oppførselen. Eg kvapp noko heilt enormt og trudde nesten ikkje det var sant. Me stod der og prata og brått får du sikta eit våpen mot deg. Det var surrealistisk, seier Helge Nyheim.
Bilen våpenet vart sikta frå var på veg mot Mongstad, og køyrde ikkje særleg fort i 60-sona, slik at Feste fekk notert bilnummert. Han observerte og at det var ei ung jente som køyrde bilen, og at det var to andre personar i bilen.

Travel helg
Feste ringde umiddelbart 112, men der var det ikkje mykje hjelp å få.
? Eg fortalde kva som hadde skjedd, men dei var for travelt opptatt til å ta seg av det. Det reagerte eg veldig på, seier Feste.
Overbetjent Svein Fammestad ved Lindås og Meland lensmannskontor forstår at det er opprørande om nokon har fått peika våpen mot seg, men ser og kvifor vaktsentralen i Bergen ikkje hadde høve til å rykka ut.
? Det er heilt naturleg at ein ikkje har tid til å rykka ut på slikt laurdagskveldar. Det kokar og er veldig hektisk. Meldingane kjem inn tett som hagl, seier overbetjent Svein Fammestad ved Lindås og Meland lensmanskontor.

? Haikarar
Då det ikkje var hjelp å få ved vaktsentralen, ringte Feste til lensmann i Lindås, Einar Vatne. Der fekk han hjelp med ein gong.
? Han sa han skulle ta tak i saka med ein gong, og det gjorde han, seier Feste.
Seinare vart Feste ringt opp igjen av vakta i Bergen. Dei hadde då vore i kontakt med foreldra til jenta som køyrde bilen.
? Ho hadde forklart til dei at ho var på veg til hytta, og at ho hadde tatt med seg nokre haikarar på vegen, seier Feste.
Overbetjent Fammestad opplyser at jenta fortalde mor si at det var ein leikepistol som vart sikta med. Ho fortalde og at ho skulle sleppa haikarane av på vegen. Dette har Feste lita tru på at stemmer.
? Eg observerte bilen då den kom tilbake og, sidan eg bur like ved vegen. Då var desse passasjerane framleis i bilen, seier Feste.

Anmelder ikkje
? Det var sikkert ein soft-gun
eller noko slikt, men ingen leikepistol. Uansett meiner eg det ikkje skal tolererast at nokon siktar på andre med våpen, seier Nyheim.
Overbetjent Fammestad er og klar på at han ikkje ser lett på ei slik hending.
? Ein skal ikkje sikta på folk, verken med leikevåpen eller andre våpen. Det er uhørt, seier Fammestad.
Fammestad ser likevel på saka som oppklara, så lenge det ikkje kjem inn ei anmelding frå dei
berørte partane.
? Hadde det vore ein 10-11-åring som tulla seg, så hadde eg ikkje reagert. Men når ein vaksen som sikkert er passert 30 år siktar på meg slik, så reagerer eg litt anleis, seier Feste.
Verken Feste eller Nyheim kjem til å anmelda forholdet. Feste reknar med at dei vart sikta på tilfeldig, og at slik ikkje kjem til å skje igjen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt