Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vasskrangel over kommunegrensa

Del | |
No må det verta slutt på at næringslivet i Sløvåg brukar så mykje vatn at folk i Masfjorden misser vatnet, krev administrasjonen i Masfjorden.  ? Eg er ikkje sikker på at tala er rette, svarar Gulen-ordførar Trude Brosvik.
Publisert 24.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Vatn har skapt høgt trykk i samarbeidet mellom Gulen og Masfjorden. Masfjorden sitt vassverk i Andvik forsyner søre del av Gulen med vatn, og dermed også næringslivet i Sløvåg. Men til tider forsyner dette næringslivet seg så grovt at folk i Masfjorden misser trykket i husa sine fordi høgdebassenget på Hovden går tomt, meiner administrasjonen i Masfjorden. Det må det verta slutt på, og finn ein ikkje anna løysing, vil tilførsla til Gulen verta redusert frå 15. februar for å unngå problem, trugar Masfjorden i eit brev til nabokommunen.

Store problem
? Me får til tider store problem i deler av kommunen på grunn av dette. Trykkproblema forplantar seg langt inn i kommunen, og særleg i ytre Haugsdal er problema store, seier avdelingsleiar Tore Svendsen, som har forfatta «trusselbrevet».
I brevet vert det vist til at Masfjorden sende eit brev om saka i oktober i fjor, utan å få svar frå Gulen. Viss ikkje Gulen svarar innan 15. februar, vil Masfjorden strupa ned røyrdimensjonen, slik at det berre kan tappast 150 kubikkmeter i døgeret, slik avtalen seier.
? No er tolmodet vårt slutt. Me får stadige alarmar på grunn av at trykket fell, og veit ikkje om det er lekkasjar eller sterk tapping i Sløvåg som utløyser desse, seier Svendsen.

Andre tal
? Eg trur ikkje det er fare for nokon vasskrig mellom dei to kommunane, ler ordførar Trude Brosvik i Gulen når Strilen tek kontakt.
Ho meiner dette er noko ein skal finna ut av. Men ho er ikkje sikker på at tala som Masfjorden opererer med, er rette.
? Me har forhøyrt oss med næringslivet i Sløvåg, og deira tapping samsvarar ikkje med dei datoane Masfjorden har meldt om nedtapping, seier ho.
Dessutan tvilar ho på at Masfjorden har levert så mykje vatn som avtalen slår fast.

Høgdebasseng
Ei løysing som har vore drøfta, er at næringslivet byggjer eit eige høgdebasseng i Sløvåg som kan avlasta høgdebassenget i Hovden, på grensa mellom Masfjorden og Gulen. Også andre løysingar har vore framme, men dei to kommunane er usamde om kven som i tilfelle skal ta rekninga.

Opp i møte
Heller ikkje Håkon Matre, ordførar i Masfjorden, trur vassproblema skal forsura tilhøvet mellom dei to kommunane.
? Litt av problemet er at den løysinga som no er, ikkje er tilpassa det behovet som næringslivet i Sløvåg har, seier han.
Alt neste veke skal leiinga i dei to kommunane, saman med leiinga i Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap, koma saman for å drøfta problemet. Og 8. februar skal det vera felles formannskapsmøte mellom dei to kommunane, og der vil vatnet i Sløvåg vera eit tema.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt