Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vasskrise på tusenårsstaden

Del | |
GULEN: Boreholet som vart laga på tusenårsstaden på Flolid, har vist seg å vera ubrukeleg, i alle fall som drikkevasskjelde. 
Publisert 17.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
No må ein ty til vasstankar.
Når mykje folk er samla på ein stad, kjem ein ikkje langt utan vassforsyning. Men på tusenårsstaden på Flolid har dei for tida ikkje vatn til å spyla ned toaletta ein gong.
? Før opninga i fjor vart det laga eit borehol på Flolid. Berekningar viste at det skulle levera 1500 liter i døgeret, men det har vist seg å vera heilt feil, seier driftsleiar Jon Gisle Systaddal i Gulen kommune til Strilen.
Vatnet er også svært skite og heilt ueigna som drikkevatn.

Vasstankar
Vassproblema har ført til at til fylkesleiren i 4H, som skal vera på Flolid i månadsskiftet juni/juli, må ein skaffa drikkevatn til deltakarane med å setja opp vasstankar som vert fylte frå vassverket i Eivindvik.
? Me har kontakta firmaet som laga boreholet, og dei har lova å koma og ta ei utspyling, men me veit ikkje kor mykje det vil hjelpa, seier Systadal.
Truleg kan vatnet ikkje brukast til drikkevatn uansett.

Vassleidning
For å sikra ei permanent vassforsyning til Flolid må ein føra vatn frå Eivindvik. Denne leidningen går i dag berre til idrettsplassen. Mest aktuelt er det å føra vatnet i sjøleidning derifrå til Flolid.
? Eg har ikkje lagt tala for kostnaden fram for formannskap og kommunestyre enno, og ønskjer ikkje å gå ut i avisa med dei først, men det vert nok snakk om fleire hundre tusen kroner, seier Systadal.
Sidan det er fylket sin tusenårsstad, har dei teke kostnaden med boreholet som er laga.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt