Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vasskrøll i Masfjorden

Del | |
Når industrien tappar for hissig  i Sløvåg, risikerer abonnentar i Masfjorden å missa vatnet. Det vert jobba med å finna løysingar på problemet.
Publisert 18.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Fleire gonger i vinter har abonnentar, særleg i ytre Haugsdal, mist vatnet på grunn av stort vassforbruk over kort tid i Sløvåg. Årsaka er at høgdebassenget på Hovden i Gulen vert tappa så fort ned at vasstrykket på leidningsnettet minkar. Det igjen fører til at dei abonnentane i ytre Haugsdal som ligg høgast, risikerer å missa vatnet.
? Dette er ein situasjon som me jobbar med, og som me ikkje heilt har funne løysinga på, seier Sigvald Kvinge i Masfjorden kommune til Strilen.

Sandnes og
Også på Sandnes har dei til tider hatt problem med vassforsyninga. Då det var lekkasje på Hosteland i vinter, rann bassenget på Sandnes tomt, slik at folk der vart utan vatn.
? Dette er og eit problem me jobbar med å finna løysing på. Det kan truleg løysast ved å montera ein lukkeventil i høgdebassenget der, slik at det ikkje renn tomt, seier Kvinge.
Ein har innhenta pristilbod på dette.

Avtale
Gulen og Masfjorden har avtale om levering av vatn. Den seier at Masfjorden skal levera inntil 150 kubikkmeter vatn i døgeret til nabokommunen. Viss det må setjast i verk tiltak for å auka dette volumet, er det Gulen kommune som skal kosta dette. Men trass i problema som no er, er det ikkje sikkert at behovet er større enn avtalen tilseier. Det kan berre vera at det er den raske tappinga som er problemet.
? Det er Gulen som må avgjera om dei vil auka volumet i avtalen. Eg veit det har vore diskusjonar om dette mellom dei to kommunane, seier Kvinge.
Men Masfjorden kommune har ansvar for at deira eigne abonnentar får det vatnet dei treng, og det er tiltak for å sikra dette som no vert diskutert.
? Kanskje må me setja i verk tiltak som kan regulera kor raskt vatnet kan tappast, seier Kvinge.
Masfjorden hentar vatn frå det nye vassverket i Andvik, og dette er vatn av svært god kvalitet. Vassverket har meir enn stor nok kapasitet til det forbruket som er, problemet er å få det ut til abonnentane raskt nok.
? Slik situasjonen no er, fører det både til problem for abonnentane og driftsproblem for oss, ofte på kvelds- og nattetid, når tappinga i Sløvåg skjer. Dette er problem som det må finnast ei løysing på, seier Kvinge, utan at han her og no kan seia kva løysinga vert.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt