Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vassreinsing til inga nytte

Del | |
MELAND: Bjørg Birkeland har lagt ut 37.000 kroner til reinsing av vatnet frå eit borehol, men Mattilsynet sine prøvar viste at vatnet er udrikkeleg.
Publisert 26.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Vestlandske Vannbehandling AS som leverte reinseanlegget tilbaud seg å henta dette, men ville berre gje 9.600 kroner kroner tilbake eks. mva. Birkeland ville ha reinseanlegget fjerna, og alle pengane tilbake.
Etter at Strilen byrja å jobba med saka, gjekk selskapet med på å betala tilbake dei 23.000 kronene siste investeringa kom på. Det er Birkeland tilfreds med.

Blåfarga vatn
? Vatnet var blåfarga etter at reinseanlegget vart montert. Eg trudde ikkje på selskapet som leverte reinseanlegget då dei sa at vatnet kunne drikkast, og kontakta difor Mattilsynet. Deira testar påviste at vatnet var giftig på grunn av at det inneheld for mykje aluminium og jern, seier Birkeland.
Dette var årsaka til blåfargen på vatnet.
Ho konfronterte Vestlandske Vannbehandling med prøvane, og dagleg leiar Ulf Morten Thorstensen kom heim til henne. Birkeland seier han stilte spørsmål ved om prøvane frå Mattilsynet var rette, men sa at ho skulle få mesteparten av pengane tilbake. Men i eit skriftleg tilbod Birkeland fekk i etterkant, fekk ho berre tilbod om ein liten del av pengane refundert.
Birkeland kjende seg lurt. Ho fekk også tilbod frå selskapet om at dei skulle montera eit reinseanlegg til under vasken, mot at ho måtte kjøpa endå meir utstyr. Men dette ville ho ikkje. Ho hadde mista tilliten til bedrifta, og ville ha pengane tilbake.

Vekkasta pengar
Birkeland har totalt lagt ut rundt 120.000 kroner på å få innlagt skikkeleg vatn i huset. I år 2000 fekk ho bora etter vatn, men på grunn av dei dårlege grunntilhøva i området vart ikkje vatnet brukande.
Det var då ho prøvde tilbodet til Vestlandske Vannbehandling - som altså så langt har vist seg å ikkje gje drikkevasskvalitet. Selskapet monterte eit reinseanlegg til vel 11.000 kroner i 2002, men Birkeland var ikkje nøgd med kvaliteten på vatnet. Selskapet tilbaud seg å montera eit nytt anlegg til rundt 22.000 kroner i 2005, og garanterte då drikkevatn. I tillegg til desse summane kjem mellom anna kostnader til filter og liknande, slik at kostnaden totalt har kome opp i 37.000 kroner. Birkeland var framleis ikkje nøgd med kvaliteten, og tok kontakt med Mattilsynet. Etter at dei hadde analysert vatnet, sa dei at vatnet ikkje er brukeleg som drikkevatn. No set Birkeland si von til at kommunen legg vassleidning ned til Dalstø.
Den saka skal opp til politisk behandling onsdag 27. september.
? Dersom ikkje utstyret fungerer etter intensjonen, har verksemda rett til å utbetra dette, men då utan ekstra kostnader for kunden, seier Frode Vestrheim, førstekonsulent i Forbrukarrådet Hordaland, Sogn og Fjordane.

Kan oppheva kjøpet
Lova seier at selskapet har to forsøk på seg til å få produktet til å fungera, men truleg fleire i dette tilfellet, sidan det er snakk om eit såpass kostbart utstyr. Dersom selskapet framleis ikkje får utstyret til å fungera, kan kunden oppheva kjøpet, seier Vestrheim. Kunden har då rett på å få alle pengane tilbake.
? Dersom kunden ikkje når fram, kan han klaga saka inn til oss. Men me kan berre gje råd i saka. Dersom saka framleis ikkje vert løyst, kan me klaga saka inn for Forbrukartvistutvalet. Dei kan avseia dom i saka, seier Vestrheim. Behandlinga hjå Forbrukarrådet er gratis.
Dagleg leiar Ulf Morten Thorstensen i Vestlandsk Vannbehandling AS sa til Strilen at dei var i dialog med kunden om å finna ei løysing, og at han difor ikkje ønskte å kommentera saka i media.
Kort etter denne samtalen ringte Birkeland tilbake til Strilen og sa at ho hadde fått tilbod om


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt