Vegard har sykla heile Noreg
Saman med to kameratar har han brukt heile juli-månaden til å sykla Noreg på langs, Vegard Soltveit (22) frå Manger.
Endret 02.08.11 16:05
Han er full av lovord om mykje vakker natur og mange trivelege menneske på små stader. Ikkje minst var det lange Nord-Noreg ei stor oppleving.
– Etter å ha starta på Nordkapp følgde me E6 berre det første stykket ut av Finnmark. Så tok me vestover mot Tromsø, sykla ut til Senja, tok ferje til Andøya og drog sørover gjennom Vesterålen og Lofoten. Derifrå bar det med ferje til Bodø og sørover langs Helgelandskysten.
Ikkje E6
Vegard Soltveit fortel at dei tre ungdommane mest muleg ville halda seg unna E6, så dei følgde kysten heilt ned til Trondheim. Lenger sør valde dei Østerdalen, og tok seg over Ringebufjellet mot Lillehammer før det bar over Toten mot Skien og til sist Lindesnes. Der enda dei opp klokka 13 sist torsdag, etter å ha starta i nord 3. juli.
Forutan Vegard var dei tre syklistane Jon Anders Sollien frå Lillehammer og Christian Notland frå Huglo ved Stord. Dei har gått saman på Os vidaregåande skule, og held på kameratskapet frå den tid. I dag studerer Vegard Soltveit historie ved Universitetet i Bergen.
Fin oppleving
– Me byrja å snakka om å ta ein slik tur rundt juletider. Ingen av oss er spesielt interesserte i sykling, men me er glade i utfordringar. Me hadde veldig lyst til å oppleva Noreg, og me kom til at å sykla sørover var ein god måte å gjera det på, seier Vegard.
Berre han av dei tre hadde før vore nord for Trondheim, så dei var spente på kva turen ville by på.
– Det var mykje fin natur å oppleva i det nordlege Norge. Me hadde stort sett bra ver, men nokre dagar med regn fekk me på turen. Syklinga gjekk også godt. Litt tungt var det i byrjinga, men så gjekk det lettare og lettare.
Det gjekk fint
Vegard fortel at ingen av dei tre var spesielt trena på førehand, men dei tok seg nokre langturar på sykkel før dei la i veg på den store Norge-turen. Alt viste seg å gå bra. Dei hadde ingen uhell eller punkteringar, og syklane fungerte, bortsett frå at dei måtte skifte nokre eiker i hjula. Difor vart også den månadslange turen ei stor og veldig positiv oppleving.
– Det var spesielt fint når me kom til småstader ute på kysten der me overnatta og kom i god kontakt med folk. Me sov i ein lavvo som me skifta på å transportera, og det gjekk heilt bra.
Overraskingar
Vegard Soltveit fortel at det mange stader kunne vera overraskande vakkert. Han hugsar mellom anna Talvik utanfor Alta og Øksfjordnes, begge overnattingsstader i byrjinga av turen.
Etter kvart opplevde dei tre syklistane at naturinntrykka kom så tett på at dei til ein viss grad vart metta, men spesielt Helgelandskysten gjorde inntrykk.
– Det vart mange fine panorama med fjell og sjø i løpet av turen. Så fekk me jo ei forståing av kor langt dette landet er.
Soltveit fortel at dei tre hadde ein slags timeplan for turen, men under syklinga tenkte dei berre to-tre dagar framover. I gjennomsnitt sykla dei etappar på 12 mil. Fire dagar sykla dei ikkje, og var då på besøk hjå vener og kjende.
Bjørnekadaver
Ingenting skummelt skjedde undervegs, med unnatak av eit par trailarar som kom litt nær. Elles har Vegar Soltveit mykje positivt å seia om trafikken.
– Me overnatta oppe på Ringebufjellet mellom Østerdalen og Gudbrandsdalen, og me fekk fortald etterpå at me hadde sove på ein plass der det rett attmed låg eit bjørnekadaver, fortel Soltveit.
Og legg til at det var gøy å halda på med syklinga, men også veldig fint å komma fram og vera ferdige. På Lindesnes vart Vegard Soltveit møtt av bestefaren Nils Soltveit som stilte med bil for heimtransport.
MØTTEST: Vegard og bestefaren Nils som hadde teke turen til Lindesnes for å henta heim storsyklisten.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





