Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vegvesenet vil sprøyta i veggrøftene

Del | |
MELAND: Vegen mot venstre, til Øvre Fosse, er ein kommunal veg. Der vert kratt i vegkantane rydda med maskiner. Vegen mot høgre, til Odland, er ein fylkesveg. Den kan ryddast med sprøytemiddel.
Publisert 15.03.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
For å spara miljøet, har kommunestyret i Meland vedteke at det ikkje skal nyttast sprøytemiddel på dei kommunale vegane. Men denne miljøtenkinga tek ikkje Statens vegvesen omsyn til. På riks- og fylkesvegane kjem vegvesenet til å halda fram med å sprøyta med plantevernmiddelet Round Up ? som kan skada den lokale faunaen. Dette skjer sjølv om kommunestyret har bede vegvesenet om å slutta med sprøytemiddel.
? Me ønskjer å respektera dykkar oppmoding om å halda Meland kommune fri frå sprøytemidlar. Likevel må gevinsten ein får av sprøytinga sjåast opp i mot dei meirkostnadane som dei alternative tiltaka vil gje oss, skriv Statens vegvesen i eit brev til Meland kommune.

Kostar meir
Dermed vil vegkantane i Meland verta sprøytefri sone berre ved dei kring 60 kilometerane med kommunal veg. På riks- og fylkesvegane kjem kratt og andre vekstar til å verta fjerna med Round Up.

Vedtak frå 1992
Kommunestyret vedtok alt i 1992 at det ikkje skulle nyttast sprøytemiddel til krattrydding. Men for eit år sidan ville rådmannen byrja å sprøyta vegkantane. Årsaka var pengemangel. Det kostar meir å rydda med maskiner enn med plantevernmiddel. Men ønsket vart blankt avvist av politikarane.
? Me kan ikkje spara pengar på å forgifta befolkninga, sa Tom Sverre Tomren (KrF) til Strilen då.
Round Up, som er det mest aktuelle sprøytemiddelet, inneheld Glyfosat. Stoffet vert rekna for å vera blant dei snillare plantevernmidla.

Monsanto
Produsenten, Monsanto, marknadsfører middelet som eit miljøvenleg produkt. Men Tomren viser til at dette stoffet kan trenga ned i grunnvatnet. Og Landbrukstilsynet konkluderer med at preparatet kan vera giftig for ein del vasslevande organismar, spesielt algar.
Noregs Naturvernforbund meiner at Round Up ikkje bør nyttast i vegkantar.
? Å nytta det på vegkantar er ikkje bra. Stoffet har akutte giftverknader lokalt på ein god del smådyr, og kan endra heile jordfaunaen i området, meiner Per Erik Schultze i Noregs Naturvernforbund.

Round Up
Men der faunaen ved kommunale vegar slepp plantevernmiddel, kjem fauna ved riks- og fylkesvegar til å verta utsett for Round Up. Statens vegvesen vil nytta middelet på stader der det er vanskeleg ? og dermed dyrt - å nytta maskiner. Dette gjeld mellom anna under rekkverk og på vegskuldrer, i vanskelege fjellskjeringar, område med dyrka mark og der det er aggressive ugrasartar som til dømes kjempebjørnekjeks.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt