Vekst i omsetnaden i Knarvik Senter
Frå september 2010 til september 2011 vaks omsetnaden med 7,6 prosent for Knarvik Senter.
Endret 12.10.11 16:16
– Så langt i 2011 er veksten på 11,7 prosent, samanlikna med same periode i 2010, seier Åge Torsvik, senterleiar i Knarvik Senter.
At veksten for heile perioden er større enn for september, heng saman med at Safari og Expert opna i senteret i fjor sommar. Det er såleis berre for haustmånadene 2011 ein kan gjera ei reell samanlikning, månad for månad, i høve til 2010.
– Me er godt nøgde med at september viser ein vekst på 7,6 prosent. På landsbasis har mange kjøpesenter hatt ein nullvekst, seier Torsvik.
For 2011 totalt anslår Torsvik at senteret kan passera 600 millionar i omsetnad.
– Med ein god julehandel tippar eg at me hamnar på 610 millionar, mot 555 millionar i omsetnad i 2010, seier han.
Plass til kundane
Innføringa av parkeringsautomatar frå januar 2011, der dei handlande må trekka lapp for å kunna parkera gratis i senteret, ser dermed ikkje ut for å ha dempa handlelysta.
– Målet vårt med ordninga er å ha parkeringsplassar til dei som skal handla. Det har me oppnådd, seier Torsvik.
Lappen for parkeringsautomaten gjev fri parkering i tre timar. Vil ein stå lenger, kan ein trekka ny lapp og få nye tre timar.
– Slike ordningar vil ein nok etter kvart få ved alle handlesenter. Parkeringsplassar er så dyre å opparbeida at ein ikkje kan tilby dette gratis til alle som vil setja frå seg bilen.
Torsvik viser til tal som Thon-gruppen har utarbeidd for sine handlesenter, der konklusjonen er at kvar parkeringsplass bør gje ein omsetnad på ein million kroner.
– Om halvparten av dei parkerte bilane ikkje tilhøyrer handlekundar, vert det dyre parkeringsplassar, seier Torsvik.
700 til tilsette
Parkeringsplassen ved Skysstasjonen tilhøyrer eigarane av Knarvik Senter, og det vart frå i vår innført ei parkeringsordning også der. Nyleg er plassen også teken i bruk av senteret sine eigne tilsette.
– Totalt sett har me skrive ut 700 parkeringsbevis til tilsette, men sjølvsagt er ikkje alle desse på jobb samstundes.
Torsvik meiner å sjå ein auke i betalande brukarar av parkeringsplassen ved Skysstasjonen.
– Eg trur det er fleire som har funne ut at det ikkje er så dyrt å parkera der, og så ta bussen til Bergen. For mange er dette eit tilbod som ikkje fanst før, for då var denne plassen heilt full tidleg på dagen, seier Åge Torsvik.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





