Venta fire timar på akutthjelp
Endret 20.08.07 10:49
Store problem
? Då eg ringde vakttelefonen klokka 12.30, nådde eg berre fram til ein automatisk telefonsvarar. Eg kunne leggja igjen ei melding, og det gjorde eg, fortel Eidsheim.
Men ingen ringde tilbake, og ingen hjelp var å få. Eidsheim køyrde då med rullestolen bort til ein butikk i nærleiken, og spurde om dei kunne hjelpa. Ein mann jekka då opp heisen med Eidsheim og rullestolen på, slik at han kom seg inn i bilen og fekk køyrd frå staden.
Men utan bilheis som fungerte, var det ikkje lett for Eidheim å koma seg ut av bilen og inn i huset heime i Hillesvåg. Han prøvde fleire måtar, og klarte til slutt ved hjelp av krykker å koma seg bort til den manuelle jekken. Han fekk då jekka ned heisen og rullestolen, fekk slept seg oppi den elektriske rullestolen og kom seg i hus. Men då klarte han ikkje å lata att bilen, og dørene bak stod på vid vegg heilt til Strilen kom heim til Eidsheim klokka 16.00. Først under intervjuet, klokka 16.15, ringde dei frå Hjelpemiddelsentralen og spurte om han trong assistanse, altså nær fire timar etter at han bad om akutt hjelp.
? Det er helit utruleg at det ikkje er eit betre system enn dette. Me er trass i alt i 2006, seier Eidsheim, som tek opp saka av omsyn til andre som kjem i liknande situasjonar, og som kanskje har endå større handikap enn han sjølv.
? Det er hårreisande at mannen måtte venta så lenge på å få hjelp, seier Alf Are Skog, organisasjonskonsulent i Noregs Handicapforbund Sørvest.
Same dag sende han ein e-post til Hjelpemiddelsentralen om saka.
? Telefonbetjeninga til Hjelpemiddelsentralen er eit kjempeproblem, som me har teke opp fleire gongar tidlegare. Folk må ofte venta lenge på svar, og nokon gongar tek det dagar før folk får tilbakemelding, seier Skog.
Tek ikkje sjølvkritikk
Hjelpemiddelsentralen tek ikkje sjølvkritikk i saka.
? Nummeret for akutt reperasjon trer først i kraft etter klokka 16 på ettermiddagen. Før det skal folk som treng hjelp, ringja 55 52 67 00, som er det vanlege nummeret til Hjelpemiddelsentralen, seier leiar Klaus Finne ved teknisk avdeling.
Han hevdar og at Eidsnes skal kjenna til dette. Finne kjenner til at det til tider har vore vanskeleg å koma gjennom til sentralen, men at det ikkje er eit stort problem. Han seier dessutan at Hjelpemiddelsentralen i Bergen kom godt ut i den siste landsomfattande undersøkinga om akutt hjelp. Her fekk dei god tilbakemelding også frå brukarane.
Når nokon ringjer og bed om akutt hjelp til reparasjonar, rykker Hjelpemiddelsentralen anten ut sjølv, eller dei kontaktar Falken eller leverandøren av det tekniske utstyret, fortel Finne.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





