Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Ventebøyer aktuelt ved Fonnesflaket

Del | |
AUSTRHEIM: Selskapet Fensfjord Mooring AS søkjer som om å få leggja ut to ventebøyer for store skip på Fonnesflaket. Dei vil og ha ei ventebøye i Gulen.
Publisert 10.08.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Fensfjord Mooring AS arbeidde tildlegare med planar om å leggja ut ventebøyer for stor skip i Masfjorden sin del av Fensfjorden. Men dette vekte stor motstand, og kommunestyret fjerna ankringsområdet for skip frå kommuneplanen.
No har same selskapet søkt om å få leggja ut to ventebøyer på Fonnesflaket i staden. Den eine bøya ligg ikkje så langt frå ferjeleiet i Leirvåg, den andre lengre vest, like aust for Storestonga.

Ankringsområdet
Deler av Fonnesflaket vert alt no bruka som ankringsområde, men då for mindre skip. Fensfjord Mooring vil forankra ventebøyene i sjøbotnen, og dei skal kunna ta mot skip opp til 160.000 dødvekttonn, og ei lengde opp til 280 meter.
Selskapet seier i søknaden sin at ventebøyene ikkje skal påverka skipstrafikken i området.

Tvist i Gulen
Fenfjord Mooring ønskjer framleis å leggja ut ei bøye i Gulen, utanfor Stangeneset. Dette er ei posisjon som Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap i si tid fekk løyve til, men som dei aldri har teke i bruk. Der er no ein tvist om Fensfjord Mooring kan nytta denne lokaliteten eller ikkje. Kystverket meiner dei kan, men samstundes seier dei at dette er ei sak som GMU og Fensfjord Mooring må rydda opp i.

Miljøgevinst
Fensfjord Mooring meiner det er ein klar miljøgevinst ved at skip ligg i ventebøye medan dei ventar på å koma til på Mongstad eller Stura, i staden for å liggja å driva eller liggja for anker. Då treng dei ikkje bruka olje til motorane. I tillegg meiner Fensfjord  Mooring at ventebøyer er mykje sikrare mot ulukker enn at skip ligg for anker.
Dei ser og for seg at det kan utførast serviceoppdrag på båtane medan dei ligg i ventebøye. Dette kan gje oppdrag for lokale verksemder.
Det har ikkje lukkast Strilen å få ein  kommentar frå Fensfjord Mooring til søknaden.

Det er Kystverket som godkjenner utlegging av ventebøyer, og dei har no sendt saka ut på høyring.  Høyringsfristen er sett til 10. september.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt