Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Verdspremiere på Fammestad

Del | |
LINDÅS: Som ein av dei minste kinoane i landet, har Nyheim kino på Fammestad fått verdspremiere på den siste Harry Potter-filmen. Det skjer neste helg. (Foto: Filmweb)
Publisert 10.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Fire minuttar over tolv natt til fredag den 17. november kan nordhordlendingar sjå filmen som dei første i heile verda.

(I dagens papirutgåve er det ikkje presisert kva helg det er snakk om. Men det er altså neste helg)

? I Australia ligg dei jo litt framføre oss, så det vert vel dei som får sjå den aller først, seier filmentusiast Arnljot Bjørge til Strilen.

 

Rekordforsøk

Bjørge har saman med ungdomslaget stått for drifta av Nyheim kino på Fammestad sidan 1984, og vore med frå oppstarten i 1983.

? Dette er skikkeleg stort og veldig gøy. Det er dette som gjev inspirasjon til å halda fram med kinoen. Av og til ser det ikkje ut til at folk set så stor pris på kinoen. Låge besøkstal er ikkje så kjekt, seier Bjørge.

Førre helg viste kinoen den norske filmen «Izzat», og dei selde berre åtte billettar.

? Me ser fram til ei helg med høge besøkstal. Me er nøgd dersom det kjem eit par hundre og ser filmen i løpet av helga. Me har i alt fem framsyningar. Men me håpar sjølvsagt å slå rekorden vår, seier Bjørge. Rekorden har stått sidan 1991. Då var heile 416 menneske innom i løpet av fire framsyningar og såg «Danser med ulver».

 

Aldri før

? Det er nok ein god del flaks som gjer at me kan invitera til sjølve verdspremieren, seier Bjørge.

Kinoen er med i organisasjonen FILM&KINO, som på enkelte filmar får laga ti ekstra kopiar. Rikslanseringsordninga vert finansiert gjennom avgifta medlemskinoane betalar til organisasjonen.

? Det er filmar med stort publikumspotensiale som vert valde ut. Ti småkinoar vert valde ut til å visa dei. Som ein av dei minste kinoane i Noreg, har me vore svært heldige denne gongen, seier Bjørge.

Tidlegare har Nyheim kino vist ein noregspremiere, nemleg Skrik 3 i samband med at dei hadde installert nytt lydanlegg. Ein gong for lenge sidan var dei òg med på ei europapremierehelg med filmen Hete nyheter.

? Me har aldri hatt verdspremiere før, så dette er spesielt, seier han.

 

Skummel

Bjørge skal sjå filmen sjølv, og han gledar seg til premieren.

? Eg har ikkje fått summa meg til å lesa bøkene, men eg har sett filmane. Eg har sansen for Harry Potter-eventyret. Det er ein artig serie, seier Bjørge.

Filmen har 11 års aldersgrense, grunna enkelte skumle scener.

? Og filmen er ikkje anbefalt for dei under 11, så det vert nok ikkje dei yngste som kjem natt til fredag. Men at det vert ein del folk, det er eg sikker på. Me må nok setja nokre ekstra folk til å stå i kiosken, tippar eg.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt