Verkelegheita midt i fjeset
Endret 20.08.07 10:49
Den første tankevekkjaren fekk elevane då dei på nært hald fekk sjå ein bil bli sleppt i bakken frå 27 meters høgd. Samanstøyten tilsvarer eit møte med fjellveggen i 70 ? 80 kilometer i timen.
? Eg har sett det på film, men dette gjorde heilt klart større inntrykk, seier Dorthea Rolland Jacobsen og Ida Camilla Mellingen. ? Og så gjekk det så vanvittig fort, legg Linn Fløysand til.
Etter bilsleppet fekk elevane vera til stades under ein redningsaksjon der to markørar måtte frigjerast og reddast ut frå ein bil som hadde fått tilsvarande behandling.
? Trass i at det var ei øving, såg det heile utruleg ekte ut, spesielt då luftambulansen kom, synest Lillian Andvik. Ho roser redningsmannskapet sin jobb, men tvilar på om ho hadde takla ein slik jobb sjølv.
Heftig
Ola Viken Stalund og Christopher Solberg synest også redningsaksjonen og bilsleppet var verknadsfullt.
? Dette var heftigt. At me kjører pent, har fram til no mest skuldast den konstante frykta for bot. No fekk me litt meir å tenkja på, vedgår dei.
Og endå meir å tenkja på skulle det bli.
Under samlinga i Storstova etter øvinga fekk elevane møta mora og søstera til Morten Vågenes, som omkom i ei motorsykkelulukke på Alverflaten for halvtanna år sidan. Og det møtet vart sterkt for den jamnaldrande russen.
? Å koma hit å snakka om broren og sonen dei har mista, var utruleg tøft gjort. Eg hadde aldri takla det, seier Eirik Bjordal. Han trur møtet med dei pårørande gav mange ein tankevekkjar. Det same gjorde innlegget frå Johnny Osberg frå Meland, som vart offer for det han kalla ei dårleg vurdering av ein bilførar han frontkolliderte med i Mundalstunnellen.
Sekund kan endra alt
Sidan «Trafikkdagen» er eit samarbeidsprosjekt mellom politiet, brannvern, ambulansestenesta, Trygg Trafikk og Den norske kyrkja, ville også desse ha ordet. Svein Arne Hatlevik frå politet fortalte om attenåringen frå Jæren som døydde i armane hans, og om kjærasten som ligg på ein sjukeheim med knekt rygg. Ambulansesjefen Jarle Førland peika blant anna på kor fort det kan gå gale, og kor mange det eigentleg går ut over når nokon blir skada eller drepne. Lars Øyvind Hillestad i brannvernet fortalte blant anna om korleis redningsmannskapet sjølve kjempar med å takla alt dei møter i jobben sin. Kristine Dalland frå russestyret oppmoda medrussen, som ikkje akkurat er dei mest erfarne bak rattet, om å bruka vett og ta vare på seg sjølve i russetida.
Eit helvete
Mellom dei ulike innslaga song elevar frå folkehøgskulen «How fragile you are» og «More than words». Og siste ordet fekk prosten Helge Hitland.
? Når eg kjem med dødsbodskapen, føler eg meg som ein forbrytar. For eg veit beskjeden eg kjem med, øydelegg alt og er starten på eit helvete som berre vert verre og verre i ettertid. Han fortalte om den friske, spreke og kjekke Austrheim-guten, som han måtte bringa dødsbodskapen om berre eit par år etter han konfirmerte han. Om sjokket, fortvilinga, tårene, sinnet, protesten, tomheita, utmattinga og hjelpeløysa til dei etterlatte.
? De har eit langt liv framfor dykk, og det er mange som er glade i dykk. Grisekjøring har skada og drepe mange. Det same har alkohol kombinert med bilkjøring. Så bruk hovudet, også i russetida! avslutta han.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





