Verste flaum i manns minne
Endret 20.08.07 10:49
? Det er no tredje gongen at huset vert vått. Vatnet er over alt, heile hagen er nærast eit basseng, seier Finn Hoff.
Han og familien har budd i ei campingvogn på oppsida av eigedomen sidan september. Då fekk dei vatn inn i heile første etasje, og sidan då har dei arbeidd med å få tørka huset.
? Me håpte jo på at me kanskje kunne flytta inn igjen i huset mellom jul og nyttår, men no kan me nok gløyma det, seier Hoff.
Natt til måndag vakna han av at han høyrde vatnet. Han ringde brannvesenet som var raskt på plass for å få ut vatnet.
? Eg veit ikkje heilt kva me skal gjera no. Først og fremst må me få unna vatnet her. Kommunen har sagt at dei vil koma og hjelpa med gravemaskin, seier Hoff.
Det er omfattande arbeid som skal til for å få huset i orden igjen.
? Møblane er til desinfisering og reinsing, og kjøkkenet må gjerast heilt på nytt, seier ein fortvila Hoff.
E39 stengt
I deler av Nordhordland ver flaumen i går den verste i manns mine. E39 måtte stengjast på Romarheim på grunn av flaum i elva. Også i Modalen vart det vurdert vegstenging. Mange mindre vegar har og vore stengde.
? Eg kan ikkje hugsa at E39 har vorte stengd på denne staden etter at elva vart utbetra, fortel Finn Guldbrandsøy i Mesta til Strilen.
I går litt over klokka ni om morgonen måtte vegen stengjast fordi elva fløymde over vegen litt sør for avkøyrsla til Modalen. Vegen var stengd fram til om lag kokka halv to på ettermiddagen. Då hadde elva gått tilbake.
E 39 var også stengd tidlegare på morgonen på grunn av eit mindre ras i Romarheimsdalen, men vart opna etter ganske kort tid.
Mesta har hatt alle tilgjengelege mannskap ute sidan tidleg i går morgon.
Natt til måndag kom det først 20-30 centimeter snø på Steinareset.
Den laga masse trøbbel for bilane fordi det ikkje vart brøytt.
? Me har stått på i fleire timar med å berga bilar, fortalde
Jon Steinar Haugsvær ved Haugsvær Auto til Strilen i går føremiddag. (Biletet nedanfor viser ikkje det nye sentralanlegget for symjing i Meland. Det er snakk om Fossemyra i våt utgåve, fotografert av Asle Austegard)
Modalen
Også vegen opp Modalen måtte truleg stengja i går ettermiddag fordi elva fløymde inn på vegen mellom Neset og nedre Helland.
? Eg har aldri sett så høg vasstand i elva her, sa ordførar Knut Moe til Strilen etter ei synfaring i går ettermiddag.
Vasstanden i elva var venta å stiga utover kvelden i går.
Det som gjorde situasjonen ekstra ille, var at det såg ut til å verta overløp i Holskarvatnet, noko som vil auka vasstanden drastisk i elva.
To mindre kraftstasjonar måtte stengja på grunn av stor vassføring. Skulebussen frå Modalen til Romarheim vart innstilt på grunn av veret.
Overløp
Også i Masfjorden måtte BKK gje tapt for vatnet og sleppa
vatn over demningane både i Stordalen og Gobotnvatnet i indre Haugsdal. I
Haugsdal var vasstanden så høg at ein vurderte stenging av brua over elva.
? Dette er langt verre enn uveret i september, seier
stasjonssjef ved BKK Matre, Frode Langhelle, til Strilen. Biletet til venstre viser Matreelva, fotografert av Ivar Helge Matre.
Trass i at ein køyrde maks produksjon i helga og tappa over vatn til andre magasin, kunne ein ikkje hindra overløp i fleire vatn, seier seksjonssjef Olav Vatshelle i BKK Produksjon til Strilen.
Stengde vegar
Det ekstreme veret har ført til stengde vegar mange stader i distriktet. Vegen mellom Brekke og Rutledal i Gulen var stengd av eit jordras måndags morgon, men vegen vart opna att utpå føremiddagen. Den kommunale vegen mellom Haugsvær og Solheim i Masfjorden var stengd av eit jordras ved Hopsvågen, men vart opna utpå dagen i går.
I indre Gulen var også fleire mindre vegar mellombels stengde både i Brekke og ytre Oppedal.
Brekke skule fekk vatn inn i eit tilfluktsrom i kjellaren, utan at det gjekk ut over skuledrifta.
Opp mot 200 mm
På Takle var det målt 193 millimeter frå klokka halv sju i søndag kveld til klokka fem i går ettermiddag. Karin Takle trur det vert ny rekord for eitt døger.
Og fleire lokale målestasjonar registrerte over 100
millimeter nedbør frå klokka 20.00 søndag til klokka 08.00 i går. På Verkland i
Gulen vart det målt 101 millimeter. Og på Haukeland i Masfjorden kom det 115
millimeter til klokka 08.00.
Og etterpå har det kome minst like mykje, sa Henning Haukeland til Strilen i går ettermiddag.
Til i går morgon hadde han målt 600 millimeter i november. Med regner i går har han nok passert 700. Rekorden for november er 919 millimeter frå 1968.
Over alt i distriktet har det vore overvatn og dammar både på stader der det vanlegvis er flaum og på heilt nye stader.(Biletet over er frå skuleplassen ved Sæbø skule på Radøy) Strilen har ikkje fått melding om skadar på personar i vårt distrikt.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





