Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 
Vert stua på bussen

Vert stua på bussen

Del | |

Førre veke måtte 28 skuleelevar frå Knarvik vidare­gåande stå på bussen frå Knarvik til Lindås. Tone Brørvik stod klistra inntil frontruta. (Foto: Lars Henrik Nesse)

Publisert 10.11.11 10:01
Endret 10.11.11 10:01

– Det var proppa fullt både bak, framme, i midtgangen og i trappene.  Kan dei ikkje setja opp to bussar slik det var før Skyss overtok? spør den fortvila 17-åringen frå Lindås.

Kvir seg kvar dag
Tone går tredje året studie­spesiali­serande på Knarvik vid­are­gåande skule og kvir seg til kampen om sitjeplassane på bussen kvar dag når ho skal heim.

Broren Christian (16) på vg1 elektro, gidd ikkje meir og kjører heller sykkel. Men når det vert glatt, lyt også han stilla seg i busskøen igjen.

– Det er fleire enn eg som vel å kjøra sjølv, så i vinter kjem det til å bli endå fleire som må stå på bussen enn no, seier han.

Spurtar til Skysstasjonen
Når det ringjer ut, spring elevane ned på Skysstasjonen i håp om å kapra seg ein sitjeplass, fortel dei to. Dei som kjem på ved gymnaskrysset, har ingen sjans. Og det er like fullt på 14.45 bussen som 16.05 bussen.

–  Me får alltid ståplassar, i alle fall til Seim. Vanlegvis står me heilt til Vågseidet, og av og til heilt heim til Lindås, seier Tone og Christian. Det måtte no i alle fall gå an å setja opp to bussar på ein av dei to avgangane, legg dei til.

Kor er logikken?
Både Tone og Christian har vanskeleg med å forstå logikken når det er så viktig at dei som sit, brukar bilbelte.

– Det er greitt nok at det ifølgje lovverket er lov å ha eit visst tal ståplassar, men kor i all verda er tryggleiken? spør dei. Tone legg til at det slett ikkje var noko kjekt å stå klistra oppi frontruta på bussen med ein tung skulesekk på ryggen.

– Dei kjører ikkje akkurat under fartsgrensa, så eg tør ikkje tenkja på korleis det ville gått om bussen kolliderte eller måtte bråbremsa, seier ho.

Kjører stundom forbi
Tone og broren fortel at det ikkje er kvar dag det er så ille som den omtalte dagen, men det er alltid nokon som står.

– Den einaste måten å sleppa overfylte bussar på, er å slutta på andre tider. Men det er jo ikkje slikt ein kan velja, seier ho.

Nokre gonger har bussen vore så full at han ikkje har plukka opp dei som ventar ved gymnaskryssen. Og det er jo på ein måte greitt, synest Tone. Men då burde Skyss hatt ein ekstrabuss i beredskap, og ikkje berre la elevane stå og venta over ein time på neste buss, meiner ho.

Dermed er me inne på eit anna problem, nemleg det å ta omsyn til skuleslutt.

– Bussavgangane er i snitt tjue minutt skeive i forhold til skuleslutt. Dette vart det snakka med Skyss om i fjor, og det vart bra ei stund. Men no er det kaos igjen, seier Tone.

Større krav til dyretransport
Å klaga til sjåførane har elevane ikkje gjort, for dei veit at det ikkje er deira skuld. Men ho veit at både skule og fleire foreldre har vore i kontakt med Skyss om problemet fleire gonger.

– Å setja elevane i fare på denne måten for nokre tusen­lappar, gjer meg ikkje berre sint, men fly forbanna, seier Torleif Brørvik, far til Tone og Christian. Han legg til at Tone på kjøreskulen vert drilla i tryggleik og fortalt at det blant anna kan vera livsfarleg å ha ei brusflaske liggjande på golvet.

– Dette er jo stikk i strid i stridd med alt som heiter tryggleik. De er jo faktisk større krav til dyretransport enn skuleskyss, seier Brørvik.

 

 

Er klar over problemet

Skyss er klar over problemstillinga og er i dialog med Nobina for å finna ei løysing.

Det seier kommunikasjonsrådgjevar i Skyss, Camilla Lundberg Berntzen. Ho legg til at Skyss er svært opptekne av at det ikkje skal følast utrygt for elevane å reisa til/frå skulen med buss.

– Me ser på muligheita for å setja inn suppleringsbussar på dei aktuelle avgangane, seier Berntzen.

Ein uting
– Ståplassar er ein uting, men diverre er mange bussar framleis registrerte for det, seier Statens vegvesen.

Slik det er i dag, er dei som sit i sete med bilbelte montert, pliktige til å bruka det. Å stå er derimot greitt så lenge bussen er registrert for det. Kor mange som har lov å stå, varierer frå buss til buss, får Strilen forklart ved teknisk avdeling i Statens vegvesen.

Både dei, Trygg Trafikk og andre har lenge pressa på for å få regelverket endra, og 12. august var det lagt fram eit forslag til endring av vegtrafikkloven i statsråd.

Lovendring på gang
I ei pressemelding frå sam­ferdsels­minister Magnhild Mel­tveit Kleppa same dag, står det at endringa vil gje Samferdselsdepartementet heimel til å kunna fastsetja ei forskrift som pålegg fylkeskommunar og kommunar å sørgja for at skulelevar får sitjeplass med bilbelte ved skuleskyss i buss. Eit slikt framtidig pålegg skal gjelda for elevar som er omfatta av lovfesta rett til skuleskyss, i tråd med opplæringslova, heit­er det vidare.

Om tidspunktet for iverksetjing skriv Meltveit Kleppa at dette vil bli fastsett i ei eiga forskrift. Ministeren understrekar at det er viktig med god dialog med fylkeskommunane i dette arbeidet.

FRYKTAR TRYGGLEIKEN: Søskenparet Christian og Tone Brørvik frå Lindås fryktar for tryggleiken når skuleelevane vert stua inn i bussen på denne måten. FRYKTAR TRYGGLEIKEN: Søskenparet Christian og Tone Brørvik frå Lindås fryktar for tryggleiken når skuleelevane vert stua inn i bussen på denne måten.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt