Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vigde veslesøstera på nyttårsaftan

Del | |
LINDÅS: Anne Marit Sundsbø (27) vart vigd nyttårsaftan i heimekyrkja i Alversund ? av broren Hans Kenneth (29).
Publisert 05.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Han klarte seg veldig godt. Etterpå sa han at han vart veldig rørt, men det kom ingen tårer! seier «veslesøstera» Anne Marit, no gift med Vidar Gjelsten (30) frå Ålesund.

At det var broren som skulle vera prest under bryllaupet, var den to år yngre søstera ikkje i tvil om. At broren også er kamerat med mannen hennar, gjorde valet endå enklare.

? Bror min held ein fin og personleg tale. Mannen min er sjømann, og Hans Kenneth let talen ta utgangspunkt i roret på ein båt, seier Anne Marit.

Av broren har ho fått melding om at han hadde lagt alt han hadde av kreativitet i talen.

? Han sette nok veldig stor pris på å verta spurd om å via oss, seier Anne Marit Sundsbø. Og broren legg ikkje skjul på at han likte jobben.

? Det var spennande og ?. kva skal eg seia? stort å få vera prest for veslesøstera. Brått hadde ho vorte vaksen! Eg angrar ikkje på at eg sa ja til å via paret. Det var veldig personleg.

Då er det vel lett å tippa at dette er ei av kring 20 vigsler den utflytte presten vil hugsa best. Det var bra med folk under seremonien i kyrkja, og sjølve bryllaupet vart halde på Lindås Bryggje. Innan familien kunne brura også ha funne ein onkel og sokneprest til å ta jobben, men han fekk fri denne kvelden.

Hans Kenneth Sundsbø vart innsett i Alversund-kyrkja for knapt fire år sidan. Etter det har han vore garnisonsprest eit par år i Sør-Varanger og prest i halvtanna år i Ålesund, der han er etablert og busett.

Det same er søstera og ektemannen hennar.

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt