Vil gjerne verta heks
Endret 20.08.07 10:49
Ho var ein av dei yngste deltakarane som var plukka ut til den første auditionen til Which Witch. 18 åringen har alltid vore glad i song og musikk. Difor sette ho stor pris på å få prøva seg.
Vabø er også aktiv i teatergruppa til Lindås ungdomslag. Ho er ikkje redd for å stå på scena for eit fullsett samfunnshus, men tanken på å stå framfor dommarar og syngja åleine er litt skremmande.
I alt 11 håpefulle songtalent møtte opp på den lokale auditionen i Strilatun fredag. Stemninga på venterommet var smånervøs. Menn og kvinner i alle aldrar møtte fram for å prøva seg på roller i ensemblet.
Eineståande sjanse
? Eg trur aldri eg har vore så nervøs før. Dette er ein eineståande sjanse. Eg må berre prøva. Det er nok mange flinke songarar som vil prøva seg. Eg håpar sjølvsagt at eg får vera med, men eg vert ikkje å veldig skuffa om det ikkje skjer. Det er uansett kjekt å få prøva seg, seier Vabø i det ho set kursen mot scena.
Ti minutt seinare kjem ho tilbake ? litt skjelven, men samstundes letta og glad.
? Eg song to songar. Først song eg den sjølvvalde songen «Tir n à noir». Etterpå song eg Eternally. Det er ein obligatorisk song som er henta frå musikalen. Eg er litt forkjøla. Difor er eg er usikker på korleis det gjekk. Men det var no kjekt å prøva, seier ho.
Klar i februar
Regissør Leif-Egil Vatnøy og initiativtakar Linda Fosse var dommarar under auditionen. Dei to var godt nøgde med gjennomføringa.
? Mesteparten av dei som har vore her i dag, kjem frå Nordhordland. Me har høyrt mykje bra. Nivået er ganske høgt, seier Vatnøy.
Han fortel at dei har om lag tretti roller til ensembelet som skal fyllast. Arrangørane treng både dansarar og songarar. Ein del av songarane i koret vil også få mindre solistroller.
? Me kan ikkje bestemma oss før me er ferdige med alle tre auditionane. Dersom alt går etter planen, vil resten av rollelista vera klar i slutten av februar, seier han.
Neste audition er i Bergen 2-4. februar. Deretter står hovudstaden for tur. Prøvane til musikalen startar 2. juli og held på til første august. Sjølve framsyningane skjer på Håkonshaugen frå 2. til 12. august.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





