Vil ha fleire hus nær Knarvik sentrum
Endret 20.08.07 10:49
Det vert vist til at høg konsentrasjon av busetnad nær regionsenter er i tråd med rikspolitiske retningslinjer for samordna areal- og transportplanlegging.
Dei næringsdrivande stiller seg bak kommunen sitt planframlegg. Etter det skal Knarvik utviklast til «ein bymessig stad med handel, service og tenesteytande næringar kombinert med bustader».
Samanblanding
I uttalen vert det peika på at senteret i dag opplever «ei lite føremålsteneleg samanblanding av biltrafikk og gangtrafikk som følgje av at plasskrevjande varehandel som krev bil til døra i dag er plassert i senteret». Å få denne typen handel i eigne næringsområde utanfor sjølve senterkjernen vil betra forholda for alle partar, meiner dei næringsdrivande på begge sider av E39.
Det vil kanalisera mykje trafikk utanom senteret «til meir eigna område for varetrafikk langs hovudvegane», heiter det i uttalen. Det vert og vist til at dette er argument Miljøvendepartementet meiner rettleiar kommunane til å følgja. Her heiter det at «Salg av plasskrevende varer bør fortrinnsvis ligge i randsonen til et stort eller mellomstort senter».
«Eit slikt skilje er også naudsynt for å oppnå målet om ein bymessig stad i Knarvik sentrum», heiter det i uttalen frå dei lokale næringsdrivande.
Motsegn
Elles kan ei motsegn frå Fylkesmannen føra til ei viss forseinking av kommunen si behandling av kommunedelplanen.
Det framlegget frå kommunen manglar, er nemleg ei konsekvensutgreiing, og det gjer at Fylkesmannen kjem med mosegn etter «Forskrift T-1146». Utan ei slik utgreiing kan ikkje Fylkesmannen ta stilling til eller gje detaljerte kommentarar til planen.
Ut over dette får framlegget karakteren «grundig og godt arbeid», men Fylkesmannen kunne tenkt seg ein meir konkret omtale av kva bruk som er tenkt for dei enkelte områda, i sær næringsområda.
Nye næringsområde som er føreslegne i planen, er ei utviding av det ikkje utbygde området ved den planlagte nye Rv 565 bak Hordasmia/Isdalstø og på delar av småbruket som Olav Kåre Vatnøy eig i Gjervik.
På illustrasjonar kommunen sjølv har laga i samband med planarbeid, er det vist bygg med fleire etasjar enn det er bygd så langt i Knarvik. Om det skal opnast for meir enn fire etasjar som i dag, må avklarast i dei konkrete reguleringsplanar, ikkje i kommunedelplanen.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





