Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vil ha gass til Sogn

Del | |
Det er på tide at også Sogn og Fjordane får meir av petroleumsnæringa i landet, meiner fylkespolitikar Mathias Råheim (H).
Publisert 22.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Råheim håpar difor sterkt på at det vert noko av kraftvarmeverket på Mongstad, då det opnar for at ein kan få ein gassrøyrleidning også til Sløvåg og Lutelandet.
? Når olje- og gassfelta ligg like utanfor stovedøra vår, burde Sogn- og Fjordane fått meir næringsverksemd ut av dette enn til no. Me opplever at veldig mykje av olja og gassen endar opp nord for oss eller sør for oss, seier Råheim, som er gruppeleiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune for Høgre.

Møte med Stoltenberg
Statens forurensingstilsyn (SFT) rådde fredag Miljøverndepartementet til å krevja CO2-handtering ved det planlagde kraftvarmeverket på Mongstad frå dag ein.
Statoil seier at dersom det kjem eit slikt krav, vil dei skrinlegga prosjektet då det ikkje vert lønsamt. Dersom det ikkje kjem gass til Mongstad, vil dette og stoppa planane i Sogn- og Fjordane.
? Det er viktig for Sogn og Fjordane fylke at det vert noko av dei konkrete planane for eit kraftvarmeverk ved Mongstad. Eg voner difor at fylkesordføraren i Hordaland med fleire, får eit møte med statsministeren om dette, seier Råheim.

Til fylkesutvalet
? For vårt fylke må det vera eit krav at det kan bli gassavgreining nordover til Sløvåg og Lutelandet. Me må difor støtta opp om saka heilt og fullt frå Sogn og Fjordane, seier fylkespolitikaren.
Han lovar å følgja opp på fylkesutvalet sitt møte tysdag 29. august. Fylkeskommunen bør framleis vera aktivt «på bana» i denne viktige saka, meiner han.  I tillegg til planlagd aktivitet i Sløvåg, håpar dei på å få gass til Lutleandet.
? Lutelandet er eit næringsfattig område i dag. Ei gassrøyrleidning dit vil difor bety svært mykje, seier Råheim.

Optimistar i Gulen
 ? Eg har tru på at Miljøverndepartementet endar på eit positivt vedtak i denne saka, seier direktør Lars Hellandsjø i Wergeland-Halsvik AS. Får dei gass til Sløvåg, planlegg dei å byggja eit LNG-anlegg som vil gje mellom 40 og 50 nye arbeidsplassar ved industriområdet. Ei slikt anlegg kjølar ned gassen, slik at han kan brukast til mellom anna drivstoff. Av overskotsgass, som ikkje kan brukast til drivstoff, kan dei produsera varme og straum i eit mindre gasskraftverk.
Sjølv om hovudkonklusjonen i SFT sin uttale til gasskraftplanane på Mongstad er krav om CO2-handtering frå dag ein, meiner Hellandsjø at det også er klare formuleringar i SFT-utgreiinga som understrekar positive miljøverknader ved etablering av kraftvarmeverket. Han meiner difor at her er argument som gjev Miljøverndepartementet høve til å godkjenna Statoil sin søknad, sjølv utan CO2-handtering frå første dag anlegget kjem i drift.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt