Vil ha med seg kontainer med hjelp heim
Endret 20.08.07 10:49
Og no har han bestemt seg. Viss folk har klede, sko, barneleiker og anna som kan koma til nytte i landbyen hans, tek han mot med takk.
? Og så har eg lyst å gje noko til skulen eg gjekk på då eg var liten. Det kan vera skrivebøker, blyantar, fargeblyantar og anna utstyr som dei manglar heime, seier han.
Også rullestolar, krykker og anna som eldre og uføre kan ha nytte av, er han takksam for å få. Der er også eit sjukehus i nærleiken som kan trengja utstyr, fortel han.
Første gong
Abubakar Barry har budd i Noreg sidan 1999, då han kom hit som flyktning frå borgarkrigen i heimlandet Sierra Leone i Vest-Afrika. Først budde han i Lindås, og no på Flatøy. Då Abubakar kom til Noreg, hadde han vore fleire år som flykting i Liberia, nabolandet til Sierra Leone.
Etter mange år med svært blodig borgarkrig er det no fred i heimlandet hans, slik at han kan reisa heim. Men folk manglar det meste.
Ein annan grunn til at Abubakar Barry først no kan reisa heim på besøk, er at han i sommar får norsk statsborgarskap og norsk pass.
? Eg har stor familie, og mange av slektningane mine har eg aldri sett, så det vert spennande. Men i heimlandet mitt er det og slik at når nokon kjem heim, er det ikkje berre familien som møter opp, men heile landsbyen. Då ville det vore kjekt å ha noko å gje til alle, seier Abubakar til Strilen.
Kontainer
Viss det går slik han håpar, skal han fylla ein heil kontainer med utstyr og senda den med båt ned til heimlandet. Men den turen tek seks veker, så han har ikkje så god tid på seg viss kontaineren skal vera framme når han kjem ned i juli.
? Dette er ei heilt privat innsamling som eg har starta, men eg har fått avtale med arbeidsgjevaren min Frekhaug Vinduet om at eg kan lagra sakene der til dei skal sendast nedover, seier han.
Feriepengar
Abubakar Barry har jobba i seks år hos Frekhaug Vinduet, der han no er på lageret.
? Men å senda ein heil kontainer til Sierra Leone kostar vel mykje?
? Ja, det kjem på rundt 30.000 kroner. Eg har tenkt å bruka av feriepengane mine, men viss der er nokon som vil gje pengar til frakta, er eg glad for det.
Abubakar veit ikkje om prosjektet hans vil lukkast, og om folk vil hjelpa han, men han må i alle fall prøva.
? Her i Noreg kastar folk mykje som er fullt brukande, og som kunne koma til nytte der nede. Der manglar dei det meste, påpeikar han.
Men elektriske artiklar er det ikkje vits i å gje, for i landbyen hans er der ikkje straum.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





