Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vil ha meir tid til ho Vigdis

Del | |
RADØY: No når Radøy-ordføraren er fylt 60, vil han unna seg litt meir tid til kona, døtrene og dei elleve barneborna.
Publisert 14.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Tre dagar på overtid vart Olav Steinar Namtveit torsdag invitert på bursdagsfest av kollegar i Radøy kommune. På menyen stod hjortegryte og «sekstiårsbrød», og rundt borda sat bortimot femti gjestar som omtrent slåst om plassen på talelista. Den første av dei seksten taletrengte, var fylkesmannen.
Det er to ting som overraskar meg. Den eine er kvifor du ikkje stiller til attval til hausten. Men det forstår eg jo når eg ser smilet ditt på songheftet der du heldt eitt av dei elleve barneborna dine på armen. Det andre er korleis du har klart å stå løpet ut utan noko teikn til nedtrapping, sa Svein Alsaker.

Kulturordføraren
Alsaker rosa jubilanten som ein samarbeidets mann, som ikkje berre har vore samlande for Senterpartiet, men for heile kommunen. I tillegg har du betydd mykje både som KS-leiar og som leiar i regionrådet, sa han.
Han trekte også fram ordføraren si genuine interesse for kultur.
? Det er ikkje for ingenting at kommunen har så høgt nivå på kulturen og at Radøy vert trekt fram både når det gjeld kulturlandskap og kultur elles. Og du er alltid til stades både på små og store hendingar. Du fortener absolutt tittelen kulturordførar, sa han.
Alsaker peika også på Namtveit si gode økonomistyring, ryddigheit og gode oversikt i dei seksten åra som ordførar.
Du har fått utført mykje som du kan vera stolt av. Radøy har hatt ei god utvikling på mange område i tida du har vore ordførar, sa Alsaker.

Kanskje pensjonist
Om ordføraren pensjonerer seg for godt til hausten eller om han går tilbake til gamlejobben som avdelingssjef for bygdeutvikling i landbruksetaten hjå fylkesmannen (no Innovasjon Norge), har han ikkje bestemt seg for enno.
? Først og fremst vil eg vera meir heime med Vigdis og bruka meir tid på dei fire døtrene og elleve barneborna våre. Elles kjem eg framleis til å bruka mykje tid på kultur og på eit restaureringsprosjekt eg har på gang på mor mi sitt gamle hus i Sunnfjord. Eg får nok ikkje fritidsproblem med det første, ler han.
Skal du feira meir?
? Ja, dette er berre ein forsmak. Fredag kveld er det ope hus.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt