Vil ha nytt allhus i Alvermarka
Endret 20.08.07 10:48
- Alvermarka/Ikenberget er no det største byggjefeltet i Lindås kommune med rundt 450 bueiningar. Då treng me eit betre forsamlingshus enn dette, seier Arne Sæbø i styret i Ikenberget Vel når han møter lokalavisene i det eksisterande velhuset ved sida av idrettsbana i Alvermarka.
Han får full støtte av Geir Vatnøy i styret i Alvermarka Vel og Øystein Sylta i firmaet Alver Design. Saman med Ståle Hauge og Øyvind Korsøen har dei site i ein komité som har laga førebelse planar for eit nytt forsamlingshus på same tomta som velhuset ligg i dag. Oppdraget har dei frå styra i dei to velforeiningane.
Må ha folk med
- Men skal det verta eit forsamlingshus, må me ha folk med oss, seier Sæbø.
For å orientera om planane vert det innkalla til bygdemøte på Alver Hotel tysdag 27. september.
- Dette vert eit møte for hele Alversundkrinsen, ikkje berre Alvermarka og Ikenberget, presiserer Sæbø.
Der skal dei ikkje berre presentera planane for eit forsamlingshus, men diskutera dei utfordringane Alversund-krinsen står framfor i åra framover. Denne krinsen har no den største veksten i Lindås, med store barnekull.
- Me skal ha med oss folk frå lensmannskontoret, som vil fortelja om utfordringar dei ser, fortel Sæbø.
Ordføraren i Lindås har sagt ho vil koma, og det same vil ungdomskontakten.
Allbrukshus
På møtet vil planane for det nye forsamlingshuset verta lagde fram.
- Me ser for oss eit allbrukshus med gymsal/storsal med scene, som skal kunna brukast både til idrett som volleyball og innebandy, til teater og revyar og på store dagar som 17. mai og jonsok, seier Øystein Sylta, som har laga utkastet.
Kino og ungdomsklubb
Den delen av bygget som ligg lengst nedover, skal ha to etasjar. I kjellaretasjen vert det stort kjøkken og garderobar med dusj for begge kjønn.
- Det er eit sakn slik som det er no for dei som bruka idrettsplassen, seier han.
I andre høgda er det planlagt møterom og eit mindre tekjøkken.
- Me tenkjer oss eit bygg som kan romma både ungdomsklubb, kino, ein treffstad for eldre og eit lokale som kan leigast ut til runde dagar, konfirmasjonar og bryllaup, seier Sæbø.
Han trur eit slik hus kan ha mykje positivt å seia for utviklinga i bygda.
- Me har fått vurdert bygget som står her no, men det er i så dårleg stand at det ikkje er noko å vøla på, seier han.
Velhuset er brakker som dei fekk frå Mongstad for 20-25 år sidan.
Det nye bygget vil vera på rundt 350 kvadratmeter og vil kosta nokre millionar.
- Me satsar på eit enkelt, men funksjonelt bygg, seier Sylta.
Dugnad
Men skal det verta meir enn luftige planar, krev det at folk i bygda sluttar opp, og då må folk i første omgang møta på allmøtet den 27.
- Sjølv om me tek sikte på å finansiera ein god del ved spelemidlar, og at kommunen stiller tomta gratis til rådvelde, må me ha ein god del eigeninnsats, og det vil vera i form av dugnad, seier Sæbø.
Det kan også vera aktuelt å gå ut med teikning av aksjebrev for å skaffa pengar til bygget.
- Og så ser me for oss at me kan leiga inn lokale firma på timebasis til å gjera ein del av jobben, men sjølve bygget må me ha entreprenør til å setja opp, seier Sæbø.
Klart i 2008
Viss folk stiller opp, og det offentlege yter dei naudsynte midlane, ser initiativtakarane for seg byggjestart tidleg i 2007, og at huset kan takast i bruk i løpet av 2008.
- Reaksjonane så langt frå dei som har høyrt om planane, er eintydig positive, seier Sæbø.
Både han og dei to andre i komiteen har difor god tru på at huset vert ein realitet.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





