Vil ha trialbane på Ryland
Endret 20.08.07 10:49
? Det er dårleg med fritidstilbod her om ein ikkje spelar fotball. Motorsport kan nå mange ungdommar, seier Martin Jacobsen. Han køyrer sjølv trial, og håpar at Meieriklubben får løyve frå kommunen til å køyra på Ryland.
? Eg spelte sjølv fotball, men gjekk lei. Utan fritidstilbod er det fort at ungdom byrjar å drikka. Trial kan engasjera unge som ikkje har noko å gjera på. Det er stor interesse for motorsport, seier Jacobsen.
Hundre mål
Det er Meieriklubben som ønskjer å etablera trialbane aust for hovudvegen på søre Ryland. Nils Gunnar Eikeland har sagt seg villeg til å låna ut eit utmarksområde på kring hundre mål. Han nyttar ikkje området i dag, og har sjølv ein son som køyrer trial.
? Det er berre kjekt om området kan nyttast til dette, seier Eikeland.
Tone Fosse er aktivitetsleiar for trial i Meieriklubben. Ho meiner at trial er ein svært positiv ungdomsaktivitet, og at området på Ryland er godt eigna til føremålet.
? Det er viktig å prioritera den nordre delen av Holsnøy, at ikkje alt skal skje i Frekhaug-området. Trial er eit veldig viktig tilbod, seier ho.
Trial er kort fortalt ein sport der ein nyttar spesielle motorsyklar til å køyra i terrenget. Det går ikkje særleg fort, og handlar mykje om å halda balansen og kontroll over sykkelen på veg opp og ned fjellknausar og andre terrengformasjonar.
Det er og planar om å leggja forholda til rette for til dømes motorcross og køyring med atv-syklar på Ryland.
Bane på Rossland
Meieriklubben køyrer i dag trial i Landsviklia på Rossland. Området vart offisielt opna sommaren 2002, og er på 18 mål. Det er trialkøyring der ein gong i veka. Men trialkøyrarane ser på Ryland som eit langt betre eigna område.
? På Rossland kan me ikkje køyra under hjortejakta, så det vert ein lang pause, seier Martin Jacobsen.
Han peikar også på at ein truga fugleart hekkar på Eldsfjellet.
? Området på Ryland passar godt til trial. Det er eit variert landskap med alt frå myr til steinknausar, seier Jacobsen.
Fryktar støy
Naboar på Ryland fryktar at ei trialbane der vil gje mykje bråk. Meland kommune har fått fleire brev frå folk som stiller seg kritiske til planane.
«Vi er redde for at dette vil ødelegge det stille og trivelige utemiljøet vi har rundt eiendommene våre, og at en slik bane også vil ha negativ virkning på verdien av hus og hytter» skriv Elin og Kurt Klausen.
Britt-Nina og Morten Kvamme driv med oppdrett av tropiske fuglar, og er redde for at ei trialbane skal gjera dette umogleg. «Da disse fuglene bør/skal ha ro under hekkesesongen sin kan vi ikke ha en sånn aktivitet så nært huset vårt», skriv dei.
Men trialkøyrar Martin Jacobsen meiner at det ikkje vert så veldig mykje støy.
? Me køyrer i låg fart på lågt turtal, og då vert det lite lyd, seier han.
Arealet som er tenkt til trialkøyring har i dag status som LNF-område (landbruk- natur og friluftsområde). Dermed må det gjevast dispensasjon frå kommuneplanen dersom området skal nyttast til motorsport. Det er opp til planutvalet i Meland kommune å gje ein slik dispensasjon. Men ein dispensasjon treng og godkjenning frå Fylkesmannen.
? Saka kjem truleg ikkje opp i planutvalet før i februar, seier kommunalsjef Jens H. Bjordal til Strilen.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





