Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vil ha tunnel under Alverstraumen

Del | |
LINDÅS: ? Her bør det koma ein lang tunnel under Alverstraumen for å få trafikken bort frå Alversund, seier Lars Øyvind Hillestad. Han er leiar i Alversund grunneigarlag. Fleire organisasjonar i Alversund har same syn.
Publisert 25.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Sentrumsområdet i Alversund er under sterkt utbyggingspress. Me kan ikkje gå med på at området vert oppete bit for bit til vegføremål og bustadbygging. Difor ser me ein lang tunnel frå noverande riksveg på Alverflaten, under Alverstraumen og opp igjen på Remme som den beste løysinga når det gjeld ny veg til Radøy, seier Lars Øyvind Hillestad til Strilen.
Hillestad er leiar i Alversund grunneigarlag. Saman med styra i Alvermarka Vel, Ikenberget Vel og ei interessegruppe på Tveiten vil grunneigarlaget lansera desse planane på eit folkemøte i Alversund onsdag kveld.

Bort frå skulen
? Med ei slik løysing vil me mellom anna løysa trafikkproblema ved Alversund skule, der mange born i dag må kryssa den sterkt trafikkerte riksvegen, påpeikar Hillestad.
Løysinga inneber og at ein slepp å bruka areal i dalsøkket bak Alver Hotel til veg, slik Statens vegvesen og Lindås kommune har føreslått i den nye kommunedelplanen for Knarvik/Alversund. Det er den som er bakgrunnen for at desse planane no vert lagde fram.
Løysinga sparer også øyane i Alverstraumen for utbygging. Den 50 år gamle Alversundbrua er snart sprengd, og eit nytt hovudsamband til Radøy må byggjast innan ikkje så alt for fjern framtid.

Gripa sjansen
? Det er no me som bur i Alversund-krinsen har ein sjanse til å seia korleis me vil bygda vår skal utviklast. Seier me ikkje frå no, risikerer me at planane går vidare etter det alternativet som vegvesenet og kommunen har lagt fram, seier Hillestad.
Han meiner ein 2,5 kilometer lang tunnel under Alverstraumen ikkje er noko urealistisk prosjekt.
? Der tunnelen kjem opp på Remme, kan det byggjast ein arm mot Hilland. Då vil ein får utløyst store tomteareal der, påpeikar Hillestad.
For interessefellesskapet som lanserer tunnelplanane, har også meiningar om kor tomteareal og næringsareal i krinsen bør vera.
? Og me meiner at heile Alversundkrinsen bør trekkjast inn i planområdet, både Kvamme, Sellevoll, Litleskare og Hilland.
Onsdag kveld vert det folkemøte om kommuneplanen på Alversund skule. Hillestad håpar at riktig mange møter fram og seier si meining.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt