Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 
Vil ha ungdomsklubb og klubbhus i felles lokale

Vil ha ungdomsklubb og klubbhus i felles lokale

Del | |

AUSTRHEIM: Kommunen skal sjå om det er mogleg å byggja felles hus for ungdomsklubben og idrettslaget.

Publisert 03.10.11 18:41
Endret 03.10.11 18:41

Det er ikkje sett av pengar nok til å gjera idrettsparken heilt ferdig, og no må klubbhuset venta medan kommunen ser på ei mogleg fellesløysing med klubbhus for AIL og nye lokale for ungdomsklubben.

Lokala som ungdomsklubben har i dag er ikkje tenlege. I eit notat om situasjonen skriv kulturavdelinga i kommunen at det gamle kommunehuset er i dårleg stand, med lekkasje og lukt av både mugg og kloakk.

Ungdomsklubben har ein gledeleg medlemsauke med 40 ungdommar innom dørene til vanleg, og over 70 enkelte kveldar. Men medlemsauken gjer situasjonen med dei dårlege lokala berre meir prekær, med fullt hus vert det trongt om plassen og dårleg luft. Kulturavdelinga peikar på at ei plassering i idrettsparken vil vera betre også for at ungdommane skal vera aktive kvar dag, noko som er eit mål for alle i kommunen.

Løpebane og gjerde
I første omgang legg administrasjonen opp til at Austrheim idrettspark vert gjort førebels ferdig med flomlys, gjerde rundt bana, og garasje til maskiner og utstyr, slik at anlegget kan takast i bruk.

Arbeidet med løpebana har stått på vent på grunn av vêrforholda, men dette skal kunna gjerast ferdig no slik at kunstgrasbana og løpebana kan takast i bruk no i haust.
Arbeidet med klubbhuset vert sett på vent, for å avklara økonomien i heile prosjektet, og herunder også den moglege husdelinga med ungdomsklubben.

Lik prioritering
Administrasjonen peikar på at ei samlokalisering vil gje ei lik prioritering av desse to gruppene, både dei som driv med organisert idrett, og dei som brukar ungdomsklubben.

Det kan gje ein meir rasjonell bruk av lokala, det kan vera rimelegare, og det vil gje ein møteplass på kveldstid mellom det som kan vera to ulike grupper med ungdommar i Austrheim kommune.

Det som er lista opp som argument mot ei fellesløysing, er at sambruk kan føra til kollisjonar på bruk av lokala, at ingen av dei to brukarane vil få «sitt eige» hus, og at ei fellesløysing ikkje kan ha garderobar og dusjar i klubbhuset, slik at dette må skje i Austrheimhallen som i dag.

Spelemidlar
Administrasjonen peikar på at oppsettet for spelemidlar neppe går inn. Det er rekna inn 700.000 kroner i spelemidlar til tre deler av prosjektet, både til klubbhus med rom for møte og arrangement, til garderobar og dusjar, og til hus for vedlikehald, utstyr og materiell.

Sjølv om det rett nok er mogleg å få utbetalt 700.000 kroner i spelemidlar til kvar av desse tre delane, er det også eit vilkår om at spelemidlane ikkje skal utgjera meir enn ein tredel av byggekostnaden. Huset er i dag kostnadsrekna til 6 millionar, og dermed vert spelemiddeldelen også mindre.

Administrasjonen meiner vidare at det ikkje er mogleg for Austrheim idrettslag å gjera dugnadsarbeid på parken for to millionar kroner, for så langt er det ikkje utført noko dugnad. Dermed ryk også denne delen av budsjettet.

Ein del att
Det er ein del meir enn huset som står att før idrettsparken er ferdig. Til tribuneanlegget er det lagt opp stein i skråning, men kostnaden med å gjera dette til ein tribune er uviss. Uviss er også kostnaden til grøntanlegg og avslutning.

Administrasjonen ønskjer å gjera ein grundig gjennomgang av heile prosjektet, for å få klarlagt kva det vil kosta å få eit samla og ferdiggjort prosjekt. Saka skal opp i formannskapet torsdag 6. okto-ber, og til kommunestyret onsdag 19. oktober for endeleg avgjerd.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt