Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vil ikkje avstå grunn til skytebane i Haukåsen

Del | |
RADØY: Olav Mellingen seier framleis nei til frivillig å avstå grunn til skytebane i Haukåsen. Han vil og ha klarlagt om styret i skyttarlaget går inn for oreigning.
Publisert 09.08.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Olav Mellingen har i brev til Det frivillige skyttervesen sin advokat Sven Knagenhjelm gjort det klart at han ikkje frivillig avstår grunn til skytebane i Haukåsen på Radøy. Mellingen hadde frist til 7. august med å svara på dette.
Men Mellingen ønskjer også å få klarlagt om styret i Radøy skyttarlag går inn for å oreigna grunn hos han, eller om det er Det frivillige skyttervesen sentralt som pressar på.
Mellingen viser i brevet til at nestleiar Andre Michelsen i kommunestyret sa uttrykkeleg frå om at det ikkje var aktuelt for skyttarlaget å oreigna grunn. Står styret i skyttarlaget fast på dette? vil Mellingen vita.
Han meiner og at då kommunestyret vedtok reguleringsplanen for Haukåsen, vart det lagt inn ein klausul om at oreigning ikkje var aktuelt. Står politikarane fast på dette, no i valkampen? spør Mellingen.
Mellingen er dei einaste av grunneigarane som ikkje frivillig vil avstå grunn til skytebane. Dei andre to har akseptert tilbodet dei har fått om ti kroner kvadratmeteren for grunnen.
Kommunestyret har i sitt fleirtalsvedtak sagt at kommunen skal prøva å mekla dersom ikkje skyttarlaget får ein frivillig avtale med alle grunneigarane.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt