Vil ikkje bu på hospits
Endret 20.08.07 10:49
Når du kjem nærmare, ser du at dette ikkje akkurat er eit luksushotell. Alt er nedslite og ber preg av hard bruk. Der er knivhol i døra inn til toalettet. I det som vert kalla fellesrom, står nokre gebrekkeleg møblar stabla i ein krok. Kjøkkenbenken inviteter ikkje akkurat til huslege syslar, og utanfor ligg gamle bildekk og ei velta vindeltrapp, som sikkert er tenkt som rømingsveg.
Opprørde
Det er Tuominen og husverten hans i Lindås, Gunnar Træland, som tek Strilen med til hospitset, same dag som Tuominen har fått tilbodet. Dei er begge opprørde over at Lindås kommune kan tilby eit slikt husvere og gjer det heilt klart at det ikkje er aktuelt at Tuominen skal flytta inn der.
Rommet som Tuominen skal bu på, har ei ikkje heilt rein madrass med ei dyne, eit par svært velbrukte stolar og eit kjøleskap som ikkje er så innbydande. Men det er det dei har sett av omgjevnadene, som særleg gjer både Tuominen og husverten hans skeptiske. Dei hevdar mellom anna at dei fann sprøytespissar like utfor inngangsdøra.
Dei ein kan sjå, ber preg av eit hardt liv.
Ikkje krav på
Husverten og Lindås kommune har gåande ein konflikt, og det er truleg grunnen til at kommunen ikkje lenger vil betala leige der.
? Folk har ikkje krav på å få ein eigen bustad, men me strekkjer oss så langt me kan for å hjelpa med å skaffa tak over hovudet, seier sosialsjef May Hundvin til Strilen.
Normalt klarar dei å skaffa husrom innanfor kommunen. Mellom anna har dei avtalar med campingplassar i kommunen. Men viss inga annan løysing finst, brukar dei godkjende hospits i Bergen, slik som dette.
Svært sjeldan
? Det er svært sjeldan me brukar hospist i Bergen. Det siste året har det berre skjedd to gonger, og då berre som ei mellombels løysing. Dei to åra før har det ikkje vorte brukt, seier Hundvin.
Ho presiserer at dette er hospits som Bergen kommune har godkjent.
? Då me fekk klage på dette tilbodet, tok me det opp med eigaren, og me fekk mellom anna forsikringar om at romma vert vaska kvar dag, seier sosialsjefen.
Det er sjølvsagt kommunen som betalar for overnattinga.
? Me leverte nøkkelen til hospitsrommet til rådmannen i Lindås, og no bur Tuominen gratis hos meg, seier Træland.
Så lenge kommunen ikkje kan tilby noko betre, vert Tuominen buande.
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





