Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vil ikkje flyttast til Knarvik

Del | |
LINDÅS: Born og foreldre på Ikenberget vil gå på skule i Alversund. Dei reagerer på eit kommunalt utspel om overføring av 1. klassingar til Knarvik barneskule, der det er ledig plass.
Publisert 17.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Alle me har snakka med, vil takka nei til overføring til Knarvik barneskule, seier Ståle Hauge. Dottera Sara Sunaina (5) har heller ingen vanskar med å forklara kva retning ho vil gå når ho skal starta på skulen neste haust. Ho vil gå på Alversund skule og ha den same skulevegen og skulen som den eldre søstera.

Også nabo Bjørn Brunborg har ei dotter som er i same situasjon. Og Brunborg er like klar i kritikken av brevet som mange foreldre nyleg fekk frå rektor ved Alversund skule. Der vert det vist til dei stadig aukande plassproblema.

Og det vert meir enn antyda at kommunen ser det som ein fordel å få ein del av Ikenberget-førsteklassingane på skule i Knarvik.

Per i dag vert det 58 førsteklassingar i Alversund neste haust. Dei ser ut til å fordela seg på ein nynorskklasse og to bokmålsklassar.

«Frå kommunenivået har vi fått melding om at ein grunna situasjonen med stor auke i elevtalet ved Alversund skule og liten plass her, samstundes som det er ledig kapasitet ved barneskulen i Knarvik, vurderer å be om at dei borna som bur nærast Knarvik må ta til der og ikkje her».

? Det er tydeleg at dette er eit brev administrasjonen i kommunen har pålagt rektor å senda ut, seier Ståle Hauge.

 

Salderingspost

? Dette ser me på som heilt urealistisk. Her ser det ut for at borna vert sett på som tal og ein salderingspost, seier Bjørn Brunborg.

Brunborg og naboane Siw og Ståle Hauge har fleire kritiske innvendingar mot kommunen sitt utspel.

? Mange dette gjeld har eldre søsken som alt går på skule i Alversund. Dei som skal starta opp i 1. klassen neste haust, har naturleg nok i tankane at dei skal ha same skuleveg og skule som eldre søsken. Det er dette dei ser fram til, påpeikar Brunborg.

Naboane viser også til at fleire born er overførte frå barnehage i Knarvik til barnehage i Alversund. Det er gjort for å auka tilknytinga til Alversund som skulestad og bygd.

Siw Hauge viser også til lovverket som fastslår rett til å gå på den skulen som ligg nærmast. Ho trur ikkje det kan vera tvil om at det må vera skulen i Alversund.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt