Vil ikkje ha veg forbi husa sine
MATRE: Folk i byggefeltet Rabbane på Matre vil ikkje ha ein eventuell veg til Matresøya rett forbi husa sine.
Endret 11.08.11 12:07
Det vert arbeidd med planar om å byggja veg på fylling til Matresøya. Tanken er at øya kan gje plass for nye hus i Matre-bygda. Men folk i byggefeltet Rabbane på Matre (markert med raud pil) fryktar at vegen til øya skal koma rett forbi husa deira. Difor har dei kome med innspel til kommunen om korleis dei kan tenkja seg vegen til øya.
– Det er born som leikar her i byggefeltet, og me ønskjer ikkje å få trafikk rett forbi husa våre, seier Frode Oppedal til Strilen.
Oppedal er ein av 13 som har skrive under eit felles brev til kommunen.
Totalt er det 13 born i skulealder og yngre i dette feltet. Ein fryktar også støy og støv frå aukande trafikk.
På fylkesvegen
– Me ønskjer at vegen skal følgja fylkesveg 382 ned til hotellet og kryssa over til øya derifrå, seier Oppedal.
Aller helst vil ein at det vert bygd ny bru over elva på Matre, slik at trafikken frå E39 ikkje treng nytta eksisterande bru i det heile.
– Men det viktigaste for oss er at vegen ikkje svingar ned forbi byggefeltet vårt, slik det har vore antyda, seier Oppedal.
Friområdet
Bebuarane er også redde for at ein ny veg kan øydeleggja friområdet i Våganeset. Her er det utført mykje dugnadsinnsats, og Våganeset er mykje nytta av folk på Matre.
Ein tilkomstveg gjennom Rabbane vil føra til betydeleg auka risiko og sjenanse for dei som bur der, og vil ikkje verta akseptert, heiter det i brevet.
Det er ikkje teke endeleg stilling til om det skal byggjast veg til Matresøya eller ikkje. Steinmassar frå BKK si utviding av kraftstasjonen på Matre er tenkt brukt til vegfyllinga.
PROTEST: Frode Oppedal meiner auka trafikk mellom anna vil vera ein fare for borna som bur i byggefeltet. (Arkivfoto)
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





