Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vil kutta Miljøkortet

Del | |
Miljøkortet, billigkortet mellom Bergen og Knarvik, kan forsvinna frå 1. juni. Fylkesrådmannen går inn for å kutta det ut fordi det ikkje har verka godt nok.
Publisert 28.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Frå nyttår vart prisen på klippekort på buss mellom Bergen og Frekhaug/Knarvik sett ned med 200 kroner pr. månad til 630 kroner. Dette for å lokka folk til å ta bussen i staden for å køyra privatbil då bompengane på Nordhordlandsbrua forsvann. Salet av kort har auka med 6,1 prosent og passasjertalet med 13,1 prosent, men det er ikkje nok til at fylkesrådmannen går inn for å forlenga ordninga ut over prøveperioden til 31. mai. Fylkesrådmannen vil heller ikkje innføra tilsvarande ordningar mot Askøy, Sotra eller Os.

Verdfullt
Det er fylkeskommunen som vedtek busstakstane, og det er difor fylkesutvalet som bestemmer om ordninga med Miljøkort skal halda fram. Saka kjem opp i samferdselsutvalet neste veke og i fylkesutvalet 15. mai.
Fylkesrådmannen meiner erfaringa med Miljøkort har vore verdfull, men tykkjer ikkje verknaden har vore så god som ein kunne ønskja. Han viser særleg til at trafikken over Nordhordlandsbrua har auka med 22,4 prosent.

Andre tiltak
Kostnaden med å halda fram ordninga med Miljøkort i Nordhordland ville på årsbasis ha kosta fylkeskommunen 2,1 millionar kroner. I tillegg kjem 400.000 kroner til marknadsføring. Det er meir enn det var budsjettert med.
Fylkesrådmannen vil heller satsa på andre tiltak for å få folk til å reisa kollektivt. Han går også inn for at det utvida tilbodet med direktebussar mellom Nordhordland og Bergen vert halde oppe.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt