Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 
Vil leggja ned kreativ klasse

Vil leggja ned kreativ klasse

Del | |

KNARVIK: Fylkesrådmannen vil leggja ned ein fullteikna klasse ved Knarvik vidaregåande skule.

Publisert 15.11.11 12:47
Endret 15.11.11 12:49

– Me er ein full klasse i eit nytt bygg med nytt utstyr, så dei har ikkje noko god grunn til å leggja ned denne klassen, seier Cecilie Iden Nilsen, elevtillitsvald i klassen.

– Me har også utruleg gode faglærarar. Me held på med 15 ulike ting i klasserommet, men læraren vår, Reidun, har styr på alt, seier Maren Bertelsen, varatillitsvald i same klasse.

Fylkesrådmannen vil leggja ned VG2 design og tekstil på Knarvik vidaregåande frå august 2012. Tilrådinga kjem fram i eit forslag som har vore ute på høyring før saka kjem opp i yrkesopplæringsnemnda i dag.

Få klarer fagbrevet
Fylkesrådmannen grunngjev tilrådinga med at VG2 Design og tekstil gir kompetanse til å søkje læreplass i Kjole- og draktsyarfaget og nokre få andre svært små lærefag.
Problemet, slik fylkesrådmannen ser det, er at det ikkje finst læreplassar i desse faga.

Fylkeskommunen har dei siste åra i staden måtta oppretta VG3 tilbod i skule for elevane på linja. Svært få av dei elevane som har gått VG3 i skole har klart å bestå fagprøva.

Fylkesrådmannen skriv i grunngjevinga at dei heller ønskjer at elevane finn ei anna utdanning innanfor estetiske fag som gir ein reell yrkeskompetanse.

Målretta elevar
– Det stemmer at mange stryk når dei skal opp til sveineprøva, men hovudårsaka er at elevane per i dag berre har eitt år på å førebu seg til sveineprøva. Det er for lite. Me treng meir erfaring i faget før me tar prøva. Ved Sam Eyde videregående skule i Arendal har dei forstått dette, og gir elevane to år med undervisning i saum før fagprøva. Dei kunne heller hjelpt elevane til å bestå på denne måten, seier Nilsen.

Reidun Langesæter er kontaktlærar og faglærar for VG2 design og tekstil på Knarvik vidaregåande. Ho er einig i det elevane oppgir som grunn for den høge strykprosenten.

Meir praktisk
– Kunnskapsløftet som har komme inn i vidaregåande skule gjer at elevane har veldig lite saum første året. Det er få læreplassar, fordi bedrifter vil ikkje ta imot elevane fordi dei kan for lite. Det er ikkje rett å berre gje elevane 10 månaders praktisk undervising. Fagprøva går på saumkunnskap og tid. Når dei ikkje har nok erfaring, klarer dei ikkje verta ferdige innan tida, sjølv om dei har saumkunnskapen, seier Langesæter.

Når elevane hennar tek fagprøva har dei berre hatt halvparten av den praktiske undervisinga faglæraren hadde då ho tok prøva i si tid.

– Det er ikkje elevane det er noko gale med, seier faglærar Langesæter.

– Eg synest dei skal gi elevane eit skikkeleg undervisingstilbod, i staden for å motarbeida dei med å foreslå nedlegging år etter år. Når dei driv på slik, er det er nett som om yrket vårt ikkje er verdt noko, seier ho.

Tru på norsk design
Oleana, Janus og Dale er tekstilverksemder som gjer det bra i Hordaland, og elevane ved linja er optimistiske når det gjeld jobb.

– Marknaden for nordisk design er stor, og mange skandinaviske merke har gjort det bra dei siste åra. Berre sjå på Moods of Norway, seier elev Cecilie Iden Nilsen, som vil verta klesdesignar.

– Det er skremmande å vera elev på ei linje der halvparten stryk, men me som går her veit kva me vil. Om me må flytta til Arendal eller København for å verta ferdige, så gjer me det.

Men det er synd om elevar må flytta heimefrå tidlegare når det er nok elevar som er interesserte i faget her i Knarvik, seier Nilsen.

Ho hadde sjølv flytta til Bergen etter VG1 om Knarvik vidaregåande ikkje hadde hatt VG2 Design og tekstil.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt