Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vil også utbetra Grønålen

Del | |
RADØY: ? Austmarka må få kunstgras, men Grønålen må også opprustast, seier Radøy/ Manger-leiar Morgan Taule. Han håpar eit klubbhus der kan kombinerast med ungdomsklubb.
Publisert 04.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? For Radøy/Manger Fotballklubb har kunstgras på bana i Austmarka førsteprioritet. Men utgangspunktet er også å skaffa midlar til å opprusta bana i Grønålen, seier Taule.
I Radøy er det klubbane, ikkje kommunen, som eig og har bygd ut alle baneanlegga så langt. Radøy/Manger i gang med å få utarbeidd planar for opprusting av Grønålen frå ein arkitekt. Morgan Taule viser til at banekapasiteten i søre delen av Radøy i dag er sprengt.

Dårleg grunn
I eit brev til kommunen vert det peika på at bana i dag ikkje dekkjer dagens behov for banekapasitet. I tillegg har det vist seg at grunntilhøva er for dårlege, slik at overvatn/regn vert liggjande på bana. Dette er eit stort problem spesielt på hausten.
Når Radøy/Manger vil utvikla Grønålen til ein idrettspark, er ønskjet å få til ei sjuarbane og ein ballbinge i tillegg til eksisterande bane, som har kunstgras.
? Me har invitert kommunen med på eit spleiselag for å få fram skikkelege planar. Så langt har me fått ei positiv muntleg tilbakemelding. Me håpar kommunen går inn med kring 10.000 kroner for å få fram planar. Styret i Manger IL har alt sagt ja til sin del, opplyser Taule.

Også klubbhus
Med i planane for Grønålen er også eit klubbhus.
? Her er det også råd å få inn spelemidlar, og tomta er klar. Dersom kommunen går inn som langsiktig leigetakar, kan dette bygget også få lokale for ungdomsklubb, som kommunen er i desperat mangel på. Med ein avtale med kommunen, kan me starta opp med dette bygget på dugnad, seier Taule.
Målet er å gjera Grønålen til ei «gåve» til Manger sentrum og innbyggjarane. «Dersom - og når - vårt anlegg står ferdig, vil det verta eit anlegg som kommunen vil kunna vera stolt over i mange år framover», heiter det i brevet til kommunen.
? Siktemålet er å få utbygd både Austmarka og Grønålen parallelt, seier Taule. Førebels har ein oversikt over at kunstgras i Austmarka vil koma på kring sju millionar kroner. Banesituasjonen og planstatus vil verta informert om på Radøy/Manger sitt årsmøte førstkomande måndag.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt