Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vil pussa opp skitkaihuset

Del | |
RADØY: Det nystarta kystlaget i Sæbøvågen ønskjer å pussa opp og ta i bruk det gamle skitkaihuset. Dei håpar grunneigarane sine rettar ikkje er til hinder for det. 
Publisert 21.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Me vil på ingen måte ha nokon strid med grunneigarane og deira interesser, forsikrar Evy Bjørvik Dame og John Petter Havnerås.

Dei to er leiar og nestleiar i det nystarta Sæbøvågen Kystlag, som har kring 25 medlemer. Kystlaget viser til at det ganske solide skitkaihuset i Sæbøvågen er blant dei få som står att av denne typen hus.

 

? Hus for heile bygda

Det kystlaget håpar på, er å kunna leiga skitkaihuset av kommunen og setja både huset og området omkring i stand.

? Med ei opprusting må huset kunna brukast til klubbhus for laget og utstillingar og andre aktivitetar som bygda kan ta del i, meiner John Petter Havnerås. Han viser til at kystlaget alt til sommaren har planar om å få til blant anna fiskefestival med utgangspunkt i den gamle skitkaien.

Dei juridiske rettane som grunneigarar har i området, håpar kystlaget at kommunen vil finna ut av.

 

Viktig funksjon

Skitkaiane var før svært viktige for gardbrukarane i mange bygder.

? Også i Sæbøvågen var det kamp om «byskiten». Gardbrukarane stod i kø med hest og kjerre for å sikra seg den verdifulle gjødsla, seier Havnerås. Han reknar med at arbeidet med bygdesoga for Sæbø vil skaffa fram grundig informasjon om dette.

Diverre har denne historia også ei svært trist side. «Byskiten» som kom til Sæbø førte nemleg også med seg difteri og sjukdom. Smitte hamna på 1920-talet i ein brønn og førte til av fem av seks born på ein gard døydde.

? Dette førte til at det var stopp i mottaket av skit. Men kaien kom i bruk att under krigen, seier Havnerås.

 

Positive politikarar

Så langt kan kystlaget notera seg eit positivt vedtak frå formannskapet. Politikarane har gått inn for at kystlaget får leiga skitkaihuset i ti år. Vedtaket vart gjort 12. desember, men etter det har saka stoppa opp.

Ut frå tilbakemeldingar frå grunneigarane, «kan ikkje kommunen førebels engasjera seg ytterlegare i saka». Det går fram av eit brev frå fungerande rådmann Leif Taule til kystlaget datert 20. januar.

Dermed synest saka fastlåst. Kystlaget har ikkje sett noko til den leigeavtalen formannskapet gjekk inn for.

 

Kulturminne

Både Evy Bjørvik Dame og John Petter Havnerås har mange argument for å få gjort noko med skitkaihuset.

? Huset er eit heilt unikt kulturminne, det einaste av denne typen hus som er att i regionen. I Bergen vert eitt slikt hus restaurert, seier Havnerås. Han viser til at Forbundet Kysten, det kystlaget i Sæbøvågen er medlem, skal fremja kystbefolkninga sin identitet. Ei anna oppgåve med å ta vare på kulturminne langs kysten.

Dei to trur mange kan få glede og nytte av ei opprusting av skitkaihuset.

Det meste av huset er solid laga i stein. Målet er å laga det laget kallar «ein ope og inkluderande allaktivitetsstad med fokus på kystkultur».

? Den sitausjonen som no har oppstått, er vel eit klassisk døme på usemje mellom frivillige interesser og grunneigarar, trur John Peter Havnerås. Han og Evy B. Dame peikar på at kystlaget ikkje ønskjer å eiga huset. Deira ønskje er berre å få ein leigeavtale. Dei håpar kommunen vil medverka til det.

 

 

Grunneigarar reagerer

? Grunneigarane var ikkje informert om kystlaget sin søknad før saka vart behandla i formannskapet, seier formannen i Ytre Sæbø Grunneigarlag, Jan Sæbø Johannessen.

Grunneigarlaget har engasjert advokat i samband med eventull bruk av skittkaihuset i Sæbøvågen. Alt i desember etterlyste grunneigarane dokumentasjon av «kva rettar Radøy kommune meiner å ha i Sæbøvågen«.

? Kummehuset og kaien ligg på fellesgrunnen til seks grunneigarar. Me stiller oss svært spørjande til kva rett kommunen kan ha til å leiga ut annan manns eigedom, seier Sæbø Johannessen i ein kort kommentar.

Grunneigarane sin advokat uttrykkjer elles forbausing over formannskapet sin velvilje overfor kystlaget. Vedtaket om leige til kystlaget kjem etter at kommunen har gjeve avslag på ein søknad frå grunneigarlaget om støtte til restaurering av huset sommaren/hausten 2005, skriv advokat Endre Grande.

I brevet heiter det vidare:

«Det er også med undring ein registrerer at kystlaget, som nyleg er danna av andre enn grunneigarar i området, skal få ein leigeavtale med kommunen basert på alt arbeid som er gjennomført i regi av Ytre Sæbø grunneigarlag».

Kommunen har sendt advokaten eit brev seinast 11. januar, men grunneigarane sin talsmann er lite imponert over det. Heller ikkje der kjem det fram noko om kva rettar kommunen meiner å ha.

Fungerande rådmann Leif Taule slår fast at «Innhaldet i brevet dykkar tyder ikkje på at det er særleg stor entusiasme for kontakt mellom grunneigarlaget og kystlaget».

Taule signaliserer at saka vert lagt dø om det ikkje kjem ønskje om noko anna frå bygdefolket.

Det same signalet har kystlaget fått i eit brev datert 20. januar. Grunneigarane si haldning gjer at kommunen førebels ikkje ville engasjera seg ytterlegare i saka», gjekk det fram av brevet frå kommunen til kystlaget.

 

Tilskot til bygging

Det som synest klart, er at det er ytt både kommunale og fylkeskommunale midlar til kaien og vegen.

? Er det kommunen som eig kaien og vegen?

? Eg skal vera forsiktig med å påstå noko som helst, seier fungerande rådmann Leif Taule. Han viser til at formannskapet i sitt vedtak tok atterhald om ei avklaring av eigedomstilhøva.

? Per i dag er det klart at saka ikkje er nok avklart til at det kan lagast nokon leigeavtale med det lokale kystlaget, seier Taule.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt