Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vil samla lokale foto på internett

Del | |
Verksemdene Soltvedt Scanner Studio og Digitroll.no ynskjer å samla historiske biletet frå Nordhordland og gjera dei tilgjengelege på nett.
Publisert 18.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? I dag er Internett startplassen for all informasjonshenting, seier Øystein Rolandsen, salssjef i verksemda Digitroll.no.
Spreidd hjå kommunane, bygdeboknemnder, organisasjonar og private i Nordhordland er det i dag eit omfattande historisk biletmateriale. Ideen til Rolandsen i Digitroll og Jan Helge Soltvedt i Soltvedt Scanner Studio er å samla dette saman for skanning, og deretter gjera det tilgjengeleg under ein eigen nettportal. Adressa nordhordlandsbilder.no har Digitroll alt i dag fått registrert på seg, dersom portalen skulle verta noko av.
? Me ynskjer å samla desse bileta, ta vare på dei og presentera dei. Det handlar om å gjera dette tilgjengeleg for publikum, seier Rolandsen.
Soltvedt Scanner Studio skal etter ideen stå for skanning av gamle papirbilete som vert henta inn.

Få med seg
Torsdag i førre veke presenterte Rolandsen og Soltvedt ideen sin for eit knippe representantar for kommunar og bygdebokinteresserte i Nordhordland. Det eventuelle neste steget er at dei enkelte kommunane tek ideen opp til handsaming, og seier ja eller nei til å bruka pengar på prosjektet.
? Me kan ha ei nettløysing klar til august, dersom det er oss i Digitroll.no det står på, seier Rolandsen.
? Men me har ikkje ressursar til å laga ein ferdig portal utan at me er sikre på å få noko innhald, la han til, og signaliserte at kring fem av åtte kommunar måtte vera med for at Digitroll skulle starta arbeidet.
Kommunane Rolandsen vil ha med i portalen er Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy.

Startavgift
Den største utgifta for kommunane dersom ein ynskjer å samla bileta og skanna dei, vert sannsynlegvis dei ressursane som må brukast til innhenting. Arvid Skogseth har nyleg skrive bygdebøker for Fedje, og han sa på møtet at det er særleg viktig å få inn så mykje opplysningar som mogleg, når ein er heime hjå folk og hentar bilete som skal til skanning. Erfaringa frå Austrheim er vidare at ein må heim til folk for å få inn slike gamle bilete, det er ikkje tilstrekkeleg å opplysa om at bilete kan leverast inn til kommune, bibliotek eller liknande.
Rolandsen i Digitroll signaliserte at kvar kommune må ut med 15.000 kroner i ei startavgift for å vera med i portalen, og i tillegg kjem det så ei årleg avgift for å dekka serverleige.

Gratis i 10 x 15
Ein nettportal skal med hjelp av vide søkekriterium gjera alle bileta lett tilgjengeleg. For dei som så finn bilete dei er interesserte i, vert det mogleg å lasta dei ned gratis i ein storleik på kring 10x15 cm.
? Slik vert det mogleg for til dømes skuleelevar å bruka bileta gratis i særoppgåver og anna, seier Jan Helge Soltvedt frå Soltvedt Scanner Studio.
Dersom ein ynskjer større format skal det vera mogleg å bestilla dette direkte frå portalen. Brukarane må då bestilla papirbilete frå Soltvedt Scanner Studio.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt