Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Vil varma opp Knarvik

Del | |
Sigvard Hopland, leiar i Nordhordland Skogeigarlag (t.v.) og prosjektansvarleg Anders Gjerstad har stor tru på etableringa av ein varmesentral i Knarvik som kan varma opp store deler av Knarvik. Dei tek initiativ til å etablera eit nytt energiselskap eigd av skogeigarar.
Publisert 15.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Den 24. mai vert skogeigarar i Nordhordland inviterte til eit informasjonsmøte på ungdomshuset på Konglevoll om etableringa av samvirkeselskapet NB-Energi, som står for Nordhordland Biovarme PL.

Leverer varmt vatn
Selskapet skal etablera varmesentralar, i først omgang i Knarvik, som skal levera varmt vatn til ulike bygg. Dette er veldig aktuelt i samband med bygginga av barnehagen i Juvikstølen og utbygging av Knarvik vidaregåande skule, fortel prosjektansvarleg Anders Gjerstad. Ved at skogeigarar gjer avtalar om levering av skogsvirke til det nye selskapet, vil ein kunna sikra levering av miljøvenleg energi til store deler av Knarvik.
? Slik energiproduksjon er CO2-nøytral, i og med at ein ikkje tilfører meir CO2 til atmosfæren enn trea bind opp, seier Gjerstad.

Vinn-vinn-situasjon
Produksjonen kan gje skogeigarane ein ekstra avsetjingsmåte av tømmer av låg kvalitet og anna skogsvirke. Målet er å få vel så god pris på tømmeret som om det vart levert til papirproduksjon og liknande. Dei skal samstundes kunna levera miljøvenleg energi til bygg i Nordhordland til ein pris på mellom 10 og 15 prosent lågare enn dagens marknadspris.
? På denne måten får me ein vinn-vinn-situasjon, seier Gjerstad.

Aktuelt andre stader
I tillegg til dei nemnte nybygga, meiner Gjerstad at det kan vera aktuelt å levera varmt vatn til bygg der det alt er lagt inn system for fjernvarme. Dette kan vera bygg der dette enno ikkje er teke i bruk, eller der dei i dag fyrer med elektrisitet eller med olje. I den samanhengen nemner Gjerstad Nordhordlandshallen og Knarvik sjukeheim.
? Me har og vore i samtalar med Nordhordland Folkehøgskule og Meland kommune i samband med rådhuset i Meland, og også dei har vist interesse for planane, seier Gjerstad.
Dei har dessutan sendt informasjon til Radøy kommune i samband med bygging av ny Sæbø skule, men har ikkje fått tilbakemelding derifrå enno.
Selskapet vil og ha som mål å medverka til vidare utbygging av fjernvarmenettet.

3.000 grantre
Eit mål er å produsera mellom 2 og 3 millionar kilowattimar ved ein varmesentral i Knarvik. For å klara det er det snakk om leveransar av kanskje 1200 til 1500 kubikk med tømmer i året, tilsvarande mellom 2.000 og 3.000 grantre. Gjerstad meiner dette ikkje er noko problem. Men den totale skogsproduksjonen i Nordhordland ligg på mellom 6.000 og 10.000 kubikk i året i dag, så leveransar til ein varmesentral av denne storleiken vert ein vesentleg avtakar av skogstrevirke frå regionen. Det vert snakk om ei deltidsstilling eller ei fulltidsstilling i det nye selskapet, men størsteparten av sysselsetjinga vil skje i sjølve skogs- og flisproduksjonen, meiner Gjerstad. Både flising og lagring av flisa vil skje ein annan stad enn i Knarvik. Flisa skal køyrast i konteinarar til varmesentralen. Han påpeikar elles at det i dag finst gode støtteordningar til slike prosjekt.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt