Walde vil byggja 13.000 rutemeter i Knarvik
Endret 20.08.07 10:49
Walde sine planar omfattar lager på inntil 3500 rutemeter, forretning for byggjevarer på inntil 2000 rutemeter, kontor på inntil 2000 rutemeter, fellesareal i øverste etasje på inntil 500 rutemeter og garasjekjellar på inntil 3500 rutemeter. I tillegg kjem overbygd losse- og lasteområde på inntil 1500 rutemeter. Summerer ein tala, er det snakk om totalt inntil 13.000 rutemeter.
Tek friområde
At Lindås ser ut til å opna for den store utbygginga, krev også også endring av gjeldande reguleringsplan. Eit område som i dag er avsett til friområde, vert tatt til utbygging. Området ligg i dag mellom to industritomter som er att i området.
Omsynet til attverande friområde er omtalt i framlegget til nye føresegner for området. Blant anna er det bede om natursteinsmurar mot friområdet. Mot Haglsundet skal minst 20 parkeringsplassar vera utan inngjerding og kunna brukast fritt av gjester til friområdet. Vidare er det aktuelt å gjenoppretta ein sti over ytre del av området pluss andre krav til tilpassing og avskjerming av anlegget i terrenget.
Gjeldande plan inneheld tre stiar gjennom friområdet sørover mot Klubben. Alle desse stiane er planlagde, ikkje kartlagde. Det inneber at det er uvisst om dei er rett opptreikna i planen, heiter det i saksutgreiinga. Den øvre av desse stiane vert i alle høve fjerna ved den planlagde samanslåinga av dei to industrifelta. Den mellomste stien kan også verta berørt.
Generelt ser ikkje administrasjonen det som ønskjeleg at friområde vert omdisponert til byggjeområde. Men ein finn at framlegget ivaretek og kan styrkja høvet for å nytta området som frilufts- og rekreasjonsområde. Tilkomsten til området må ha høg kvalitet. Eventuelle murar bør utførast i naturstein, meiner administrasjonen.
Negative naboar
Så langt i prosessen har alle naboar som har uttalt seg, vore negative eller skeptiske til planane. Ein av naboane meiner det store anlegget vil ha øydeleggjande landskapsmessige konsekvensar. Ein annan nabo vil ikkje at kommunen godtek planar som fører med seg meir støy. Han viser til at bruken av området har vore «betent», og at kommunelegen måtte koplast inn for å setja ein stoppar for dåverande tungtrafikk.
Administrasjonen har forståing for redsla for støy. Men det vert og vist til at Walde Byggevare vil vurdera støydempande tiltak i samråd med naboane. Det vert elles vist til at det heller ikkje «vert tillete verksemd som vert basert på direkte sal til kundar eller skapar særleg trafikk utanom dei tilsette i verksemda». Men ein brukar også formuleringa «verksemda vil generera ein del kundetrafikk, noko som kan synast å liggja utanfor rammene til føresegnene i gjeldande reguleringsplan»
Lindås råka av streik
Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.
Bergensarar snusar på Fedje-hytte
Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Siste kortnytt
- Sjekka 100 bilar i timen [24.05.12 10:18]
- Radøy kan runda 5000 i juni [24.05.12 10:17]
- Takk ja til stillingar [24.05.12 10:16]
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene [21.05.12 17:57]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





