Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

Which Witch til Håkonshaugen

Del | |
LINDÅS: Ein full sceneversjon av musikalen Which Witch vert sett opp på Håkonshaugen til sommaren neste år. Leif Egil Vatnøy og Linda Fosse kjem til å arbeida for fullt med prosjektet frå november av.
Publisert 11.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Dette vert første framsyninga her i landet på norsk, og teksten vert omsett frå engelsk til nynorsk. Produksjonen vert den største nokon gong i Nordhordland og har eit budsjett på nær fire millionar kroner.
Fleire av dei ni profesjonelle solistane er alt på plass, medan nokre framleis manglar. Arrangørane vil ikkje ut med namn enno. Men ingen av komponistane, Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov, vil vera å finna i hovudrollane. Det er snakk om ni framsyningar i tidsrommet 26. juli til 5. august. Musikalen vil gå på kvelden, og vil verta eit fantastisk syn med flotte kulissar, lys, faklar, kostymer og ikkje minst mektig musikk, meiner Vatnøy.

Full sceneversjon
Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov starta arbeidet med musikken til Which Witch i 1986. Prosjektet vart til i samarbeid med Ole Anders Sørli. Konsertversjonen hadde premiere i Bergen i 1987, og har vorte framført over 200 gongar i ei rekke land. No kjem altså turen til Nordhordland.
Men arrangørane, Leif-Egil Vatnøy og Linda Fosse, nøyar seg ikkje berre med konsertversjonen. Dei vil setja opp ein full sceneversjon, som tidlegare berre har vore framført i Noreg på engelsk. Det var denne versjonen som Adrian og Bjørnov sette opp på West End i London. Men teksten vert altså omsette til nynorsk, og oppsetjinga vil ikkje verta nokon kopi av West End-versjonen.
? Då me fekk ideen vurderte me mellom anna Håkonshallen som lokalitet for førestillinga. Men me ville gjerne leggja prosjektet til Nordhordland, seier Linda Fosse.
? På grunn av dei gode erfaringane frå Håkonarspelet, innhaldet i stykket og at eg er sjølv kjem frå Seim, var det naturleg for meg å ønskja at musikalen skulle framførast her på Håkonshaugen, legg Vatnøy til.

Gigantisk framsyning
Dette vert ei gigantisk framsyning, med mellom 70 og 100 menneske på scena når ein reknar med både skodespelarar, songarar og orkester.
? Å skaffa nok gode blåsarar bør ikkje verta eit problem i eit distrikt som vårt. Strykarar må me nok til Bergen for å henta. Me treng og gode rockemusikarar, seier Vatnøy. Dei har dessutan avtale med ein kapellmeister, men vil førebels ikkje ut med namnet. Dei vil heller ikkje ut med namnet på aktuelle regissørar.
Men dei seier det alt etablert eit samarbeid med Hordaland Teater om prosjektet. I tillegg til dei ni solistane, trengst det rundt 30 koristar/dansarar til framsyninga også. Det vert audition til desse rollene like over nyttår.
? Eg håpar at folk frå regionen melder seg på denne auditionen, seier Vatnøy.  Men han trur at konkurransen kan verta hard om desse rollene også, og veit frå liknande oppsetjingar at folk har kome på audition frå heile landet og utlandet med. Sjølve prøvetida vert på ein månad, med øving frå klokka 10 til 22 kvar dag. Heile sommaren vil difor gå med for ensemblet når ein reknar med prøvetida og dei ni framsyningane.
Arrangørane har knytt til seg ei rekke samarbeidspartnarar for å få dette til. Nordhordland Reiselivslag er ein av desse.
? Eg har lenge drøymd om å få ei slik storsatsing til Nordhordland, og vart difor svært begeistra då Vatnøy og Fosse kom med dette prosjektet, seier reiselivssjef Anne Marie Reistad. Dei kjem til å laga til turistpakkar rundt arrangmenetet, som inneheld både framsyninga, overnatting og andre tilbod. Prosjektet skal også ha tre hovudsponsorar. To av desse er Lindås kommune og BKK. Den tredje er så godt som på plass, seier Vatnøy.
? Utan den velviljen som er vist av sponsorar og andre, hadde ikkje dette vore mogleg å få til, seier han.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt