Sjekka 100 bilar i timen

400 bilar og unge bilførarar møtte opp, då politiet og Nordhordland trafikkstasjon inviterte til sjekk, som del av «Sei ifrå!»-kampanjen, fredag frå ettermiddag og kveld.

[24.05.12 10:18]

Radøy kan runda 5000 i juni

Radøy kommune kan jubla over innbyggjar nummer 5000 ein gong i juni, om folketalsutvik­linga held seg jamn, ifølgje kommunen sin nettstad.

[24.05.12 10:17]

Takk ja til stillingar

GULEN: Både Espen Selvik og Ingvild Margrethe Høydal har takka ja til stillingane som dei nyleg vart tilsette i Gulen.

[24.05.12 10:16]
Brukernavn 
Passord 

William overkøyrt av traktor

Del | |
RADØY: Fredag var Glenn Aase og sonen Kjartan vitne til at lillebror William (11) vart overkjørt av ein traktor. Ufatteleg nok kom han frå det utan alvorlege skader. Her kan mamma May Karin klemma guten sin etter å ha kome seg heim med ekstraskyss frå jobb i Nordsjøen.
Publisert 29.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er heilt uforståeleg at han kom uskada frå det, og eg var sikker på at eg kom til å mista han, seier faren.
Det var fredag ettermiddag det skjedde. Glenn og sønene Kjartan og William var på treningshelg i Gaular for å lada opp til årets store flugefiskekonkurranse komande helg.
? Me stod i Sande sentrum og heldt på å gjera oss klare til å gå ned til elva då det kom ein traktor bortover vegen. Men den hadde god plass til å passera, så det var ingen fare med det, seier Glenn. Han fortel at for å vera på den sikre sida, trykte William seg likevel inntil bilen i det traktoren kom nærmare. Men mannen som kjørte traktoren må ha feilberekna kor brei traktoren var med tvillinghjul, og svinga ikkje til sides trass i at det var god plass på andre sida. Dermed vart William dradd med hjulet fleire meter framover og forsvann under både med kropp og hovud, fortel faren.
? Då traktoren tok til å klatra oppover føtene hans ropa han nei, nei, nei, før han svima av og forsvann under hjulet! seier faren. Etter det hugsar ikkje William nokon ting før slo opp augo heilt fortumla nokre minutt seinare og spurde: Dør eg no pappa?
? Det var rett og slett grusomt, seier faren.

Bortimot uskadd
Om William tilsynelatande såg bortimot uskada ut, vart han send til Førde sjukehus med luftambulanse. Glenn og Kjartan kjørte etter i bil.  Av synlege skadar hadde William skrubbsår på kinnene og var litt mørbanka her og der, men elles såg alt bra ut. På sjukehuset var dei overraska over god form han var i, men ville han skulle vera der over natta til sjekk.
Laurdag kom også mamma May Karin Aase. Ho var på jobb i Nordsjøen og skulle eigentlig ikkje heim før no onsdag.

Tilbake til sjukehuset
Etter at William vart utskriven frå sjukehuset laurdag, drog han rett tilbake til Gaularelva for å fiska. Men trass i at grunneigaren gav han den beste fiskeplassen i heile elva, var han mykje rolegare enn han plar vera. Ja, rett og slett litt utafor, forklarer faren, som naturlegvis vart bekymra. Det same vart grunneigaren, som heldigvis kjende ein av legane på Førde sjukehus, og fekk ordna det slik at William fekk koma inn att. Det var nemleg ein viss fare for hjerneblødning, hadde legen sagt.

Heim att søndag
Men søndag fekk William reisa heim, og måndag var han på plass på Sæbø skule.
? Han var betre i dag enn søndag, så det går nok gradvis over. Men me skal likevel til legesjekk i dag klokka tolv for å vera på den sikre sida, seier Glenn.
Han trur at mykje av grunnen til at det gjekk så bra, er at William driv med fleire fysiske aktivitetar som kulekast, sleggekast, flugefiske og fotball.
? Eg trur det har gjort kroppen hans sterk og ledig, seier Glenn. No lyt William stå over gymmen og fotballen i tre veker, men det går nok bra.
Då William var tilbake ved Gaular laurdag kom også den eldre mannen som hadde kjørt over han på besøk. Han vart fråtatt førarkortet på staden og kjem nok aldri til å få kjøra traktor meir.
? Mannen var fryktlege lei seg, seier Glenn.

Tilbake til helga
Til helga skal William og familien tilbake til Gaular ? til Gaularmarknaden og den store fiskekonkurransen.
? Det blir bra å få tankane over på andre ting. Men me må jo også snakka om det. For min del har eg sett og høyrt alt i reprise inne i hovudet mitt kvar kveld, og det har nok ikkje gått mindre inn på dei andre, seier pappa Glenn som er sjeleglad over at det gjekk så bra.
? Du kan godt ta med at fiskemiljøet kring Gaularelva er heilt fantastisk og at dei stilte opp for oss hundre prosent, legg William til.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




 Lindås råka av streik

Lindås råka av streik

Tilsette på rådhuset og gjennvinningsstasjonar er tatt ut i streik. Bassenget ved Alversund skule er stengd.

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Bergensarar snusar på Fedje-hytte

    Sal av nye hytter er i startgropa på Fedje. Søndag dukka det opp tre frå Bergen på visning.

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Næringslivet ser ­mørkare på framtida

      Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

        Byter papir med nettbrett

        Byter papir med nettbrett

        I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          Tryggare med ny omsorgsteknologi

          SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

            Trur Grieg ville likt seg

            Trur Grieg ville likt seg

            RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

              Siste kortnytt