Strilen / Sport / – Gler oss til å dømma
Brukernavn 
Passord 
 
– Gler oss til å dømma

– Gler oss til å dømma

KNARVIK: Interessa for fotballdømming er for låg i NBK. Tysdag arrangerte dei dommarkurs.

Publisert 11.03.10 12:31
Endret 11.03.10 12:15

Heile 26 ungdommar deltok på tysdagens dommarkurs i regi av NBK. Interessa for desse kursa har aldri vore større. Fire av dei som deltok på kurset var Daniel Bjørsvik, Trond Helgesen, Matthias Herland og Vebjørn Nyhammer Låstad.

– Me er alle aktive og har spelt fotball på NBK sidan me var seks år gamle. Me har eit ønske om å bli dommarar, og har sett fram til dette kurset. Teorien er litt kjedeleg, men interessant. Sjølv om me spelar fotball sjølve, har me lært mykje nytt. Det er veldig kjekt at me får dømma allereie i Knarvik Senter Cup til helga.

Sjølv om gutane har lært mykje nytt på kurset, trur dei ikkje det er spesielt vanskeleg å bli fotballdommar.

– Teorien er ein ting, men å gjennomføra det i praksis trur me er enklare. Det som er viktig å tenkja på er å bevega seg mykje på bana, og være merksam i alle situasjonar, seier fjortenåringane.

– Treng fleire dommarar
NBK prøver å halda slike kurs ein gong for året, og er veldig nøgd med dagens oppmøte. Sjølv om oppsluttinga er stor i år, seier utdanningskontakt i NBK Evy Knutsen at dei sårt treng fleire dommarar.

– Me slit veldig med rekrutteringa. Krinsen krev eit visst tal dommarar per klubb, og me har alltid for få. Dessverre er det ikkje så mange som ønskjer å bli dommar, men me håper desse kursa vil gje resultat framover, seier ho.

– Dette kurset er grunnleggjande og gjer at ein kan dømma tolv år og yngre. Når desse ungdommane blir femten år, kan dei ta eit nytt kurs slik at dei får dømma ellevarfotball. Det er i denne klassen me har for få dommarar, så me håper desse ungdommane ønskjer å ta vidare kurs om eit par år, seier Knutsen.

– Fleirtal av gutar
Det er eit klart fleirtal av gutar som ønskjer å gjennomføra dommarkursa. Sjølv om det var eit par jenter til stades under kurset i helga, er det ingen tvil om at det er gutane som viser størst interesse.

– Eg trur dette er fordi det er flest gutar som spelar fotball. Det er klart mindre jenter her i dag enn gutar, og dette er naturligvis litt synd. Eg trur alle som vil kan bli dommar. Ein må naturlegvis ha litt fotballforståing og fysikk, seier Knutsen.

– Får ikkje nok skryt
Dagens kurshaldar var Bjørn Stokke. Han synest dagens elevar hadde mykje god kunnskap, men synest samtidig at dom­marar får for lite skryt.

– Det er slik at dommaren si oppgåve er å ikkje bli lagt merke til. Kvar gong ein dommar får merksemd er den negativ. Eg synest dette er synd, og skulle ønska dommarar i større grad fekk positive tilbakemeldingar. Dette kan vera grunnen til at få ynskjer å dømma. Me må satsa på gutar og jenter i ein ung alder for å bet­ra rekrutteringa framover, seier Stokke. 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Skodvin-klasse best i avislesing

Skodvin-klasse best i avislesing

Ingen andre sjuande­klassar var like flinke til å hugsa detaljar.

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    Protesterer mot «tvilsam» ankring

    MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.

    Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)

      Går for rekorden

      Går for rekorden

      KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        – Tenk nytt, ikkje nedlegging!

        Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          «Folk ved fjorden» på kino i Oslo

          Øyvind Sandberg sin siste dokumentarfilm opnar på to kinoar i hovudstaden denne helga.

            Skøyteis på Fossemyra

            Skøyteis på Fossemyra

            «Skøytebana» på Fossemyra opnar i kveld

              Siste kortnytt

              Eldre artikler