Alvidra har flest, Austrheim får mest
Med timar att for å knyta spelarkortet til eit grasrotlag og gje laget 5 prosent av innsatsen din for heile 2009, er Alvidra og Austrheim på topp lokalt. Arne Karlsen (til venstre) vart Alvidra sin grasrotmedlem nummer 400. Magnar Halås takkar han for det.
Endret 31.12.09 11:01
Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der ein via spelarkortet kan knyta seg til ein bestemt mottakar. Kvar gong ein spelar til dømes Lotto eller Viking Lotto, vil dette laget eller organisasjonen få fem prosent av innsatsen. Det påverkar ikkje speleinnsats eller vinnarsjansar, for dei som ikkje er grasrotmedlemmer går denne femprosenten i sluket til Norsk Tipping.
– Husk at uregistrerte kort har tilbakeverkande kraft dette året. Norsk Tipping gjev frå seg fem prosent av det spelaren har betalt inn i heile 2009. Over nyttår er det slutt med dette.
Så finn deg eit lag før kommisjonæren stengjer torsdag, eller registrer deg på nettet før midnatt 31. desember, er oppfordringa frå Magnar Halås i idrettslaget Alvidra til dei mange som framleis går rundt med eit uregistrert kort.
Alle må i dag ha spelarkort for å spela Lotto og liknande spel frå Norsk Tipping, men det er ikkje plikt om å registrera seg som grasrotmedlem. Registreringa går elles sin vanlege gang også i 2010.
Toppar med 401
Alvidra er med sine 401 grasrotmedlemmer på topp mellom lag og organisasjonar i Nordhordland og Gulen når det gjeld tal medlemmer (sjå sak under). Men eit lag har fått inn meir pengar på færre vesentleg færre grasrotmedlemmer, Austrheim IL.
Austrheim har fått inn 130.000 kr på sine 312 medlemmer. Så kjem Alvidra med vel 108.000 på 410 medlemer, medan Nordre Holsnøy IL har 290 grasrotmedlemmer, og har fått inn nesten 105.000 kroner. Hordabø IL med sine 182 grasrotmedlemmer har fått inn vel 102.000. Lindås Idrettslag har frå sine 240 medlemmer fått inn 75.000 kroner, medan IL Kvernbit med sine 196 grasrotmedlemmer har fått inn litt over 60.000 kroner. Meland golfklubb har 130 medlemmer, og har passert 55.000 kroner. Nordhordland ballklubb får grasrotmidlar frå 176 medlemmer, klubben har fått nesten 55.000 kroner så langt i år.
131 mottakarar
For dei åtte kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy er det per 30. desember 131 ulike lag og organisasjonar som har registrert seg for å ta i mot pengar frå grasrotandelen. Tal for alle desse laga kan ein finna på www.norsk-tipping.no/ grasrotandelen.
Desse 131 laga har registrert seg i Frivillighetsregisteret, og er tilgjengelege på datasystemet til spelekommisjonæren, for tilknyting til den enkelte til spelarkort.
Ein kan berre vera grasrotmedlem i eit lag i gongen.
Arne vart nummer 400
Idrettslaget Alvidra har akkurat passert ei ny hundregrense, og står no med 401 grasrotmedlemmer.
Arne Karlsen i Rishaugane i Alvermarka vart tysdag 29. desember påskjønna med blomster og Alvidra-krus til seg og kona, etter at idrettslaget sin vervekomité for Grasrotandelen hadde peila Karlsen inn som den som vart nummer 400.
– Eg spelar ikkje så mykje. Det går mest i Keno og litt vanleg Lotto. Viking-Lotto spelar eg svært sjeldan. Eg har også fått tilbod frå ei lokal bubilforeining eg er med i, men det var OK å seia ja til Alvidra, sa Karlsen då han fekk blomster og krus på døra tysdag kveld.
Alvidra og Magnar Halås var på plass med ei påskjøning til nummer 400, og med 401 medlemmer per 30. desember har laget nådd målet sitt.
– 400 grasrotmedlemmer innan årsskiftet vart sett som eit mål alt i sommar, opplyser Halås.
Målet nådde Alvidra med to dagars margin. Tysdag morgon var 399 grasrotmedlemmer registrert, og eit lite hint til Kiwi på Ikenberget var det som skulle til for å passera grensa.
Karlsen frå Alvermarka tok imot tilbodet om å registrera seg då han skulle spela Keno med eit uregistrert spelarkort utpå dagen.
Protesterer mot «tvilsam» ankring
MASFJORDEN: Dei siste månadene har det stadig lege båtar oppankra ved Haugsøytangen i Masfjorden. Det vil kommunestyret ha slutt på.
Mar Christina, som hadde ein eksplosjon ombord ved kai i Sandfjord i fjor, er ein av båtane som skal ha ankra opp her. (Foto: Atle Møller, Sandefjord Blad)
Går for rekorden
KNARVIK: Tysdag og torsdag i neste veke skal Knarvik-elevane samla inn pengar til Aserbajdsjan.
– Tenk nytt, ikkje nedlegging!
Nytenking og spissing av tilbodet var rådet frå dei som skal bestemma. Støttegruppa vil like mykje ha eit breidt tilbod og nybygg ved Austrheim vidaregåande.
Siste kortnytt
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
- Kjerringslepp fredag [02.02.12 13:05]
- I fjellveggen på E39 [02.02.12 09:33]
- Rolls Royce måtte evakuerast [01.02.12 14:49]
- Hadde 94 i 60-sona [01.02.12 14:50]
- Raud jolle på frifot [31.01.12 15:31]
- Ikkje slepp hundane fri [31.01.12 12:26]
- Bølla seg rett i kasjotten [30.01.12 10:37]
- Innbrot i rådhuset [30.01.12 10:37]
- Travel helg for politiet [29.01.12 19:20]
- Lindåshallen opnar måndag [29.01.12 19:07]
- Ope møte om Austrheim VGS [29.01.12 19:22]
- Truga med kniv [26.01.12 10:51]
- Bilbrann på Mongstad [26.01.12 10:50]
- Stadig færre vil driva kvalfangst [26.01.12 10:49]
- Endå ein båt på rek [25.01.12 15:46]
- Kjørte på rullestol [23.01.12 13:02]
Mest lest
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Lindås-dame millionær på Joker [16.01.12 12:45]
- 63 Lotto-millionar til Austrheim-mann [19.01.12 10:12]
- «Heilt utruleg» [13.01.12 20:55]
- Maks gøy å få møta Jan Thomas [09.01.12 17:09]
- Redda jenter med handjern [21.01.12 11:53]
- Kranbil i grøfta [22.01.12 10:05]
- Tom båt låg midt i skipsleia [21.01.12 16:02]
- Ekstremt glatte vegar [22.01.12 10:05]
- 130 let seg inspirera [14.01.12 16:23]
- Redda av BKK [22.01.12 11:12]
- Kjøpefest med sur svie [06.01.12 18:22]
- Massivt nei til vindkraft [18.01.12 09:36]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Snøvêr og godt humør [08.01.12 12:58]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Spurte biskopen om alkohol, abort og homofili [18.01.12 16:28]
- – Dette får de til viss de berre vil [13.01.12 17:40]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Bil på taket på Sletta [13.01.12 20:52]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]






